Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Reiseråd for Bergen

Ei rekke kommunar i Vestland har råda innbyggjarane frå å reise til Bergen. Helse Bergen presiserer at det er framleis trygt å vere pasient på sjukehusa i Bergen, og det er viktig at ein ikkje utset naudsynte kontrollar, utgreiingar eller behandlingar av frykt for smitte. - Bømlo vil oppmode sine innbyggjarar til å vurdere nøye om ei reise til Bergen er naudsynt, så lenge det er ein uavklart smittesituasjon, seier smittevernlege Kjersti Follesø.

Kjersti Follesø - smittevernlege. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Dersom du likevel må reise, er det viktig å følgje råd frå lokale mynde:

  • Halde avstand til andre
  • Ha god handhygiene
  • Unngå kollektivtransport eller nytte munnbind dersom det ikkje er mogleg
  • Unngå forsamlingar

Dersom du har vore i situasjonar der du kan ha vore utsette for smitte, bør du halde avstand til andre så langt det er råd dei neste 10 dagane, og ta særleg omsyn dersom du har kontakt med utsette grupper. Følg med på symptom, og ta kontakt med koronatelefonen på 53 42 30 01 for testing om du blir sjuk, òg ved milde symptom. Mange får lite eller ingen symptom av viruset, og kan difor vere smitteberar utan å vite det sjølv.

 

Helse Bergen presiserer at det er framleis trygt å vere pasient på sjukehusa i Bergen, og det er viktig at ein ikkje utset naudsynte kontroller, utgreiingar eller behandlingar av frykt for smitte.

Sist endra 10.09.2020 16:24
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering