Rekord i vegopningar

- Sjå til Bømlo. Lær av Bømlo! Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune, var både imponert og raus i omtalen då han saman med Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland og regionvegsjef Helge Eidsnes opna heile fem Bømlopakke- og vegutbetringsprosjekt frå heilt nord til heilt sør i kommunen.

Snorklypp med barnehagebarn på Røyksund bru. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Moster skulekorps og born frå barnehagar på Moster skapte saman med det strålande veret reine 17.-maistemninga på opninga av Røyksund bru. Det same gjorde Hillestveit skulekorps og born frå Langevåg barnehage ved den offisielle opninga ved Vika-krysset og Svortland skulekorps og born frå Espira Salomonskogen og Maurtua barnehagar i Tverrånå.

 

Trygg Trafikk sin maskot Lyset var med på desse tre stadane. Dei flinke ungdomane som tok på seg Lyset-drakten var Elias Simonsen og Emilie Solstrand Furdal på Røyksund, Bjørnar Stavland Lønning på Vika og Cecilie Mikkelsen og Glorija Tairova i Tverrånå.

 

Fem vegprosjekt opna

Onsdag 11. april 2018 vart fem nye vegprosjekt i Bømlopakken offisielt opna. Dette omfattar Røyksund bru, Hestaneset-Tjong, Tjong-Løvegapet, fv 23 Svortland sør og Agakrysset-Rolfsnes. Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland klipte snora for dei fem vegprosjekta saman med ordførar Odd Harald Hovland og regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen. Ny rekord i Hordaland!

 

 

Lyset, maskot til Trygg Trafikk, er populær blant borna. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Trygg Trafikk-maskot Lyset er populært å ta selfier med. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Panoramabilete av vegopning ved Vika. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Hillestveit skulekorps spelar. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Tale ved Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Snorklypp med barnehagebarn for trafikksikringstiltak Svortland sør. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Snorklypp ved opning Røyksund bru. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Opningstale ved ordførar på Røyksund bru. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Nye fortau og betra avkøyrsler Svortland sør. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Hillestveit skulekorps spelar på vegopning ved Vika. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Snorklypp for vegprosjekta Hestaneset-Tjong-Løvegapet. Foto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Snorklypp for trafikksikringstiltak Svortland sør. Panoramafoto. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland Svortland skulekorps spelar på vegopning for Svortland sør. | Fotograf: Simon Knutsson Sortland

 

 

17,5 kilometer med ny veg

Totalt vart 17,5 kilometer med veg, to bruer på 50 og 48 meter, 1650 meter med gang- og sykkelveg opna til ein total kostnad på 315 millionar kroner. Bømlo kommune er godkjend som Trafikksikker kommune.

 

- Vegane skal gjere det lettare for dei ulike trafikantgruppene å kome seg trygt og sikkert fram. Det er for dåke me byggjer trafikksikre vegar, sa ordførar Hovland til dei fremmøtte barnehageborna som alle svara eit rungande ja til at det er viktig.

 

Prosjektet Røyksund bru omfattar ei heilt ny 50 meter lang bru og totalt 450 meter med veg, samt fortau. Den gamle brua var frå 1950-talet, smal, med avgrensingar på totalvekt og i svært dårleg forfatning. Frå brua til Eikeland er det bygt ny veg på 850 meter og 1450 meter med gang- og sykkelveg. Den gamle vegen var svært smal, svingete og mangla gang- og sykkelveg. Brua har kosta 31,2 millionar kroner, mens vegen kom på 30,4 millionar kroner.

 

Hestaneset til Løvegapet

Den nye vegen mellom Hestaneset og Tjong er fem kilometer lang og 7,5 meter brei. Den følgjer delvis eksisterande veg og tre kilometer i nytt terreng. Langs vegen er det bygt ei 48 meter lang bru. Total kostnad er 161 millionar kroner. Frå Tjong til Løvegapet er det bygt 1800 meter ny veg, pluss oppgradering av 300 meter av den gamle. I tillegg er det bygt 200 meter med gang- og sykkelveg. Total pris er 65 millionar kroner.

 

Prosjektet fv. 23 Svortland sør omfattar ein 350 meter lang veg sør for Svortland sentrum. Den inkluderer fortau, busslomme, avkøyrsler, veglysanlegg og overvassanlegg. Total kostnad er ni millionar kroner. Seks millionar kroner er restmidlar av bompengane i Trekantsambandet.

 

Godt samarbeid

Den 6,8 kilometer lange vegen mellom Agakrysset og Rolfsnes er utbetra for 18 millionar kroner. Pengane har gått til sprenging, fylling, planering, graving, vegetasjonsrydding, trefelling, rekkverk og asfalt.

 

Anleggsarbeidet har vore eit delvis samarbeid med Bømlo vatn og avløp og Finnås kraftlag. Bømlopakken er finansiert av bompengar og løyving frå Hordaland fylkeskommune.

 

Tekst: Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 13.04.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering