Rekrutterer til Menn i helse 2023

Haugalandet og Sunnhordland satsar vidare på prosjektet Menn i helse. Bømlo kommune er med i det nasjonale rekrutteringsprogrammet der  menn i alderen 25-55 som søkjer arbeid får tilbod om eit komprimert og føreseieleg utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Eit nytt kull skal no starta opp på Haugalandet. Bømlo kommune ynskjer å gi inntil 2 kandidatar dette unike tilbodet. Me søkjer etter menn som er mann nok til å vise omsorg og til å ta ei utfordring. Det vil bli gjennomført informasjonsmøte på Stord og i Haugesund.

kontaktkort menn i helse - Klikk for stort bileteFylkeskoordinator menn i helse Øystein Johannessen.

Sjå rekrutteringsfilmen Menn i helse 2023

Stord:
Torsdag 2. februar kl. 12.00
NAV Stord
Bandadalsplassen 5

Haugesund:
Tysdag 31. januar kl. 12.00.
Gamle slaktehuset; Strandgata 70 

Meld deg på informasjonsmøte innan 29 . januar 2023

Før påmelding kan du gjerne snakka med din rettleiar i NAV. Ditt NAV-kontor kan også hjelpa til med påmelding.

Meir informasjon om menn i helse på Haugalandet og Sunnhordland (PDF, 302 kB)

Til toppen