Revidert Bømlopakke II vedteke

Bømlo kommunestyre vedtok i ekstraordinært møte med 25 mot to røyster å leggje innstillinga til Fylkestinget til grunn for revidert Bømlopakke II. Det er i utgangspunktet krav om at det blir gjort likelydande vedtak i fylkesting og kommunestyre for dei punkta i vedtaket som går på innhald i bompengepakkar. Vestland fylkesting gjorde likelydande vedtak i møte 16. og 17. juni.

SISTE: Fylkestinget i Vestland vedtok 16. juni at dagens innkrevjing på Spissøy med to-vegs innkrevjing blir vidareført.

Kommunestyret i Bømlo vedtok samrøystes eit ekstra punkt om dersom det i perioden kjem nye innkrevingsløysingar skal desse vurderast. Fylkesutvalet i Vestland har tidlegare uttala seg positivt til å sjå på nye formar for innkrevjing om det blir gitt opning for dette frå sentralt hald. Dette var avgjerande for at kommunestyret i Bømlo vedtok dette punktet, då det ikkje er med i innstillinga til Vestland fylkesting.

Bompengeinnkrevjing som i dag

Vedtaket i Bømlo kommunestyre vil vere det same som fylkestinget. Dagens innkrevjing på Spissøy med to-vegs innkrevjing blir vidareført. Bompengeinnkrevjinga på ferjesambandet Langevåg- Buavåg skal fortsetje i heile bompengeperioden med kronepåslag på ferjetakst. Dermed vert det ikkje bomring rundt Svortland sentrum.

Om det viser seg at proposisjonen etter vedtak i denne saka ikkje kan bli fremja for Stortinget før stortingsvalet hausten 2021, skal fylkestinget be om at den opphavlege proposisjonen etter fylkestinget sitt vedtak i juni 2018 vert fremja for Stortinget. Det vil i så fall bety bomring rundt Svortland sentrum med fire innkrevjingspunkt.

Til toppen