Revidert Bømlopakke til Stortinget

- Dette er ein god dag for bømlosamfunnet. No går det vegen og me ser fram til å bli ferdig med hovudtraseane som står att i Bømlopakken, seier ordførar Sammy Olsen.

Regjeringa la fredag 1. oktober fram ein proposisjon om revidert Bømlopakke for Kongen i Statsråd, og skal no behandlast av Stortinget. Den reviderte pakka gjer det mogleg med utbygging av tre fylkesvegprosjekt. Den består òg av mindre utbetringsprosjekt på fylkesvegane i Bømlo kommune, dersom det står att midlar i pakka. Dagens bomstasjonar blir ståande i 15 år.

– Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune har ønskt at fleire av vegprosjekta i Bømlopakka skal byggast ut. Etter ekstern kvalitetssikring og ein ny lokal gjennomgang av pakka, kan regjeringa no legge fram ei revidert Bømlopakke i tråd med framlegget frå dei lokale styresmaktene, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

665 millionar kroner i revidert pakke

Den opphavelege pakka frå 2008 inneheldt tolv vegprosjekt. Grunna kostnadsauke stod det att fem prosjekt som det ikkje ville vere mogleg å bygge ut med midlane som stod att i pakka.

Pakka som blir lagt fram i dag har ei ramme på 665 millionar kroner. Av dette er 494 millionar kroner finansiert med bompengar. Midlane i den reviderte Bømlopakka kjem på toppen av om lag 1,5 milliardar kroner som er brukt i den opphavelege Bømlopakka. Bompengane som blir kravd inn vil gå til å bygge vegar i den reviderte pakka og til nedbetaling av gjeld. Det er lagt til grunn at tre prosjekt skal byggast ut. Om det er fleire pengar att, kan tre prosjekt til bli vurdert.

Bompengeinnkrevjinga starta i 2013 og skulle vare i 15 år. No vil den vare fram til 2037.

Pressemelding frå Samferdselsdepartementet 1. oktober 2021

Til toppen