Røykvarslarane reddar liv

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier brannsjef Ove Halleraker.

Reidar Haugland ved Det lokale eltilsyn. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

I perioden 2000 til 2017 var det 4 774 bygningsbrannar i fylket. Det er 74 branndøde i Hordaland sidan år 2000. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 516 brannar, og desember med 502. Ingen personar er så langt i år omkome i brann i Hordaland.



Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

 

Kople røykvarslarane saman

- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Halleraker.
 

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

 

40 000 bustadkontrollar

Om lag 40 000 husstandar over heile landet får 4. - 6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.


- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Reidar Haugland i Finnås Kraftlag.

 

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn (DLE), Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.


røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.Bømlo brann og redning vil fredag 30 november saman med DLE stille på stand på HSD–senteret. Der vert det utdeling av batteri til røykvarslar og ein kan få gode råd om røykvarslar samt brannvern i heimen.


Kontaktpersonar lokalt:

Bømlo brann og redning – Ove Halleraker tlf. 415 61 144

DLE, Finnås Kraftlag – Reidar Haugland tlf. 53 42 89 00

Sist endra 29.11.2018 15:24
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 22
Mobil:
917 14 199
Tittel:
rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering