Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Rusbruk blant Bømlo-ungdomen

Kva rusmiddel brukar ungdommen på Bømlo? Kor mykje rusar dei seg? Kor får dei tak i rusmidla? Dette var spørsmål Bømlo kommune satte seg ned for å finne ut av i januar 2017 og brukte store deler av 2017 til å finne svara. Rett før påske blei resultatet av undersøkinga presentert på Erevik Grendatun. 

SLT-koordinator Stian Olderkjær med HKH-rapporten. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

HKH

Hurtigkartlegging med handling, eller HKH, heiter metoden SLT-koordinator og dei andre i kartleggingsteamet nytta seg av. Denne metoden har blitt utvikla av Kompetansesenteret på rusfeltet (KoRus) ved Bergensklinikkene. Metoden er utvikla for å kunne raskt forske på eit område ein eventuelt uroa seg for, sånn at ein kan få kunnskapsbasert handling.

 

- No er det ikkje sånn at me var så utruleg uroa for at det var mykje rus blant ungdommen i kommunen, seier SLT-koordinator Stian Olderkjær. Me var fyrst og fremst uroa for det me ikkje visste. Men for at ein skal kunne ha eit apparat som er klar for å hjelpe unge menneskjer som har utvikla rusproblem, treng ein god kunnskap om problemområdet.

 

Les rapporten i full versjon (PDF, 877 kB)

 

Funn

Dei siste tiåra har rusbruken blant ungdom i Norge berre gått nedover. Dette er ei utvikling som og har vist seg på Bømlo, der dei i tillegg ligg ein del under bruken elles i landet og. Ut frå dei funna som blei gjort i kartlegginga til Bømlo kommune, ser det ut som denne trenden er i ferd med å snu.

 

- Me har ikkje sett ei dramatisk auke, men me har funne ei viss auke på dei mest vanlege rusmidla, seier Olderkjær. Alkohol ligg klart øvst som det mest brukte rusmiddelet, med cannabis som det mest vanlege illegale rusmiddelet. Ein har og funn på bruk av MDMA (ecstasy) på Bømlo.

 

Sjølv om det er registrert ei viss auke i rusmiddelbruken, ligg framleis Bømlo kommune under det som er landssnittet på bruk av dei ulike rusmidla. Norge ligg og bak det som er det europeiske snittet, så det er eigentleg veldig gode tal som blir presentert i denne rapporten.

 

- Det er to grunnar til at ungdom rusar seg: Dei som vil eksperimentere og dei som vil dempe psykisk uro. Det er den siste gruppa me vil kunne hjelpe, seier Olderkjær. Me ser at det er unge folk som utviklar rusproblem medan dei er busette i kommunen, og derfor er det viktig at me har eit apparat som kan fange dei opp og gje dei den hjelpa dei treng. Det er kanskje her me har den største jobben framføre oss; å byggje opp eit apparat som fangar opp og som tilbyr rett hjelp til ungdom som treng det.

 

Arbeidet vidare

Som ein del av rapporten har det og blitt utarbeida ein handlingsplan om korleis kommunen skal jobbe vidare. Det er to arbeidsgrupper som skal på plass, der ei skal sjå på det førebyggjande arbeidet i kommunen og den andre skal få på plass eit godt oppfølgingsapparat for ungdom som er sårbare for å utvikle rusproblem.


- Ein vil og jobbe med å auke kunnskapen blant alle bebuarane i kommunen, avsluttar Olderkjær. Det er viktig at ein har kunnskap for å kunne gjere kloke val. Det gjeld både oss som er i det offentlege apparatet, foreldre som skal guide barna sine gjennom oppveksten og dei unge som vil bli stilt ovanfor val i løpet av ungdomstida.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 12.04.2018
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering