Rydding langs kommunal veg

- No er våren her, og me ber om at dei som bur langs kommunal veg klipper tilbake hekkar og tre i hagane sine, seier driftsingeniør Stein Erik Lyslo i park, grønt og samferdsle.

urydda grøftekant etter skoging - Klikk for stort bileteViktig å rydde etter skoging langs offentleg veg. Stein Erik Lyslo - Vegen sitt sideareal skal vere fri for busk og vekstar. Dette er eit viktig trafikksikringstiltak, men det er også viktig for framkome og vedlikehald av vegen, understrekar Lyslo.

Han minnar samstundes om at dei som driv vedhogst langs kommunal veg straks ryddar opp etter seg og fjernar alt hogstavfall i grøftene. Kommunen sine folk har kome over fleire stader der opprydding ikkje er gjort, noko som hindrar framkome og vedlikehald av vegen. 

  

Til toppen