Sender redningsutstyr til Ukraina

Bømlo brann og redning har skifta ut sitt gamle hydrauliske redningsverktøy med batteridriven verkty, og ynskte å senda det gamle men godt brukande verktyet til sine kollegaer i Ukraina. - Dette er solide saker som kan klippa, klemma, opna og løfta betong og stål. Akkurat kva redningsmannskapa treng i dei krigsherja områda no. Me er glade for å kunna gi dei dette, seier brannsjef Ove Halleraker.

brannmenn demonstrerer hydraulisk utstyr - Klikk for stort bileteBeredskapsleiar Frode Sagvaag og brannsjef Ove Halleraker med hydraulisk redningsutstyr frå Bømlo brann og redning som skal sendast til Ukraina. Simon Knutsson Sortland  Saman med beredskapsleiar Frode Sagvaag demonstrerer han og forklarar korleis utstyret fungerar. Det er ei saks som kan klippe stål, eitt klemme- og spreieverktøy og ein hydraulikksylinder. Sylinderen kan løfte eller spreie svært tunge ting. Eit hydraulikkaggregat som går på straum, og som til dømes kan koplast til dieselaggregat ute i terrenget følgjer også med. Bømlo brann og redning har nytta utstyret mellom anna ved bilkollisjonar.

- Me har olja, lakkert og klargjort utstyret og sjekka at alt fungerar slik det skal. Me sender ikkje frå oss noko som ikkje er godt brukande, understrekar Halleraker og Sagvaag. Begge svært glade for at utsyret igjen kan kome nokon til nytte, og at formannskapet var velviljuge til å sende det avgarde. Me har skifta ut til batteridrivent hydraulisk utstyr då dette er lettare å jobba med, men fekk ikkje avhenda dette gamle. Om det igjen kam kome til nytte og berga menneskeliv er det heilt fantastisk, meiner dei.

Halleraker opplyser at mykje hjelmar, hanskar og klede til redningsmannskap er donert til Ukraina. Dei etterspør verkty av den typen Bømlo brann og redning no sender avgarde. I dag går transporten frå Bygnes på Karmøy til Ukraina. Det er stiftinga THK - Tro, håp og kjærlighet som står for transporten. Stiftinga har vore aktive med hjelp til Ukraina sidan 1995.

- Gull verdt

Dagleg leiar Vidar Akselsen i THK seier til Bømlo-nytt at utstyret frå Bømlo er gull verdt for dei som ventar på dette i Ukraina.

– Dette er utruleg viktige ting å få med seg. Utstyr som både kan klemme og opne. Dei fortalde at her er utstyr som kan løfta 20 tonn! Tenk kva dette vil kunne tyde i område der hus dett ned etter bombing. Det er fantastisk å ha slike verktøy. Dette har stor verdi, seier Akselsen.

Han opplyser vidare at utstyret vert sendt til eit mottakssenter i byen Uzjhorod, som ligg nær grensa til Slovakia. Derifrå blir det sendt vidare dit behovet er størst. Det me sender blir teke i bruk i heile Ukraina, også i aust. 

Til toppen