Senker eigedomsskatten og kjøper kraftlagsaksjer

Redusert eigedomsskatt, framhald av fritidskort for born og unge i kommunal regi, bygging av skate-/aktivitetspark i sentrum og styrking av klimaarbeidet i kommunen er blant tiltaka i budsjettframlegga som vart lagt fram i formannskapet. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i budsjettmøtet 13. desember.

Bømlo formannskap hadde ein god og ryddig debatt om framlegg til årsbudsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 torsdag 25. november. Som venta vart posisjonen sitt framlegg vedteke med 5 mot 4 røyster. Formannskapet var samrøystes i dei andre sakene mellom anna tilråding av kjøp av aksjer i Haugaland Kraft AS.

Redusert eigedomsskatt og framhald av Fritidskortet

Formannskapet innstiller i budsjettet for 2022 på å redusere eigedomsskatten med 0,3 promille frå dagens sats som er 3,2 promille på bustadar og fritidsbustadar til 2,9 promille og frå 3,4 promille til 3,1 promille på næringseigedomane. Framhald av fritidskort i kommunal regi for barn og unge mellom 12 og 16 år med ein årleg sum på 1000 kroner, etablera skate-/aktivitetspark i sentrum innan 2023, styrking av miljø- og klimaarbeidet med ei heil stilling og auka driftstilskot til Moster amfi var blant punkta frå fleirtalskoalisjonen.

Fleirtalskoalisjonen Sp, H, Frp, V og PDK sitt framlegg til budsjett vart sett opp mot kommunedirektøren sitt framlegg og vart vedteke mot fire røyster. Ap og KrF stemte for kommunedirektøren sitt framlegg etter at deira eigne framlegg høvesvis fell mot partia sine eigne to røyster.

Etter orientering frå kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter vedtok formannskapet samrøystes framlegg til gebyr for tekniske tenester, vatn og avlaup, samt årsavgift  for slam, renovasjon, feiing og tilsyn for 2022. Vedtaket om å tilrå Bømlo kommunestyre om å kjøpa 1 042 398 aksjar i Haugaland Kraft AS til ein kostnad av 19 877 198 kroner finansiert av disposisjonsfond Havbruk var samrøystes. Bømlo kommune vil også delta i prosjektet Attraksjon Sunnhordland som skal synleggjera Sunnhordland som ein attraktiv stad å etablere næringsverksemd. Deltakinga er avgrensa til ein periode på tre år med forplikting på eit årleg tilskot på 150 000 kroner. Vedtaket var samrøystes.

Når protokollen er klar kan du sjå formannskapet si innstilling til kommunestyret i eiga fane i

Framsikt - Årsbudsjett 2022, Økonomiplan 2022-2025

Sjå møteinnkalling og saksdokument formannskapet 25.11.2021

Til toppen