- Dette er ein merkedag for Bømlo kommune. Me er glad for at me no endeleg kan starta bygginga av ny brannstasjon, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Kommunestyret vedtok endeleg plassering og gav startsignal til bygginga i sist møte 14. februar. Kostnaden er 59,8 millionar kroner inkludert meirverdiavgift.
- Me er glade for å ha vunne denne kontrakten etter ei tøff tid for bransjen. Dette er ein stor og viktig kontrakt for oss, seier dagleg leiar Pål Buch i Haaland & Thuestad frå Kopervik. Firmaet som tel 30 tilsette fekk totalentreprisen for bygging av ny brannstasjon på den gamle prestebustadtomta på Svortland. Dei har nyleg bygd om og oppgradert Skudenes brannstasjon. Firmaet stod også for det nye påbygget ved Svortland skule.
- Vår nye brannstasjon blir på omlag 1500 rutemeter og skal stå klar om vel eitt år. Me har gode røynsler med dette firmaet, seier prosjektleiar John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.
Politisk vedtak i saka