Signerte kontrakt Svortland skule

Bømlo kommune har skrive kontrakt for ombygging og tilbygg til lærarhuset ved Svortland skule med totalentreprenør Haaland og Thuestad. Kontrakten er på 17,7 millionar kroner. Nybygget vil bli oppført som passivhus.

Tre menn utanfor Svortland skule. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Nyleg var prosjektleiar Kenneth Li og dagleg leiar Egil Mortensen frå totalentreprenør Haaland og Thuestad på rådhuset for å signere kontrakten med rådmann Aud Gunn Løklingholm. Prosjektleiar John Nordseth Nesse og rådgjevar innkjøp Ilja Serov deltok også.

 
 

Passivhus

- Det dreiar seg i hovudsak om eit tilbygg på ca. 470 m² som vil innehalda nye arbeidsplasser, møterom og toalett for dei tilsette. Det vil og bli ombygging og rehabilitering av deler av det eksisterande administrasjonsbygget, opplyser Nesse. 
 
Nybygget vil bli oppført som passivhus. Passivhus er ein bygning med særs lågt energibehov, og resultatet av dette er ein reduksjon av energibruk og driftsutgifter. Bømlo kommune har tidlegare ikkje bygd passivhus, og det er truleg ingen bygningar på Bømlo som er bygd etter denne standarden før byggeprosjektet på Svortland skule.
 

 

 
Fasadeteikningar nytt tilbygg Svortland skule. (Illustrasjon: Link Arkitektur) (Link arkitektur) - Klikk for stort bilete Fem personar ved bord for signering av kontrakt. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 27.11.2019 13:21
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering