Siste spadestikk for Prestebustaden

Garasjen på Prestebustadtomta fekk nådestøytet av sokneprest Asbjørn Gundersen under kommunen si symbolske markering av rivingsarbeidet og byrjinga av bygningsarbeida på den nye brannstasjonstomta tysdag 5. april.

- Bygningsmassen i dag og den som kjem har begge ei synleg og samlande rolle knytt til arbeid med barn og unge, samt arbeid med eldre og sårbare i samfunnet vårt. Dei har ei rolle for å rykkje ut når det trengst. Det handlar om å hjelpa andre. Me er difor glade for at sokneprest Asbjørn Gundersen, som er den siste av prestane som budde her, får æra av å byrja rivingsarbeidet, helsa prosjektleiar John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.

- Ei tid for å riva og ei tid for å byggja

- På seksti-talet flytta presten frå loftet i Gamlebanken til denne prestebustaden, og det var eit flott hus etter den tids standard, opna sokneprest Asbjørn Gundersen. Han drog litt historiske liner og siterte skrifta om at det er ei tid for å riva og ei tid for å byggja.

- Brannvernet har også tett kontakt med og yt tenester til folk. Det gjeld både lokalt og internasjonalt, påpeika Gundersen og synte til deira samarbeid i Sør-Amerika og no sist med donasjonen av hydraulisk verkty til Ukraina.

Gundersen tok så på seg rolla som Rive Rolf og nytta gravemaskinen for å starta rivinga av garasjen ved prestebustaden. Med på markeringa på den nye brannstasjonstomta var også ordførar, kommuneadministrasjonen, brannmannskap, tilsette på kyrkjekontoret og entreprenørar og bygningsarbeidarar.

Sjå video frå markering 5. april 2022

Fakta om ny brannstasjon

Totalkostnad: 59,8 millionar kroner

Areal: ca. 1500 m2

Totalentreprenør: Haaland & Thuestad frå Kopervik 

Les meir og sjå politisk handsaming i artikkelen Byggjer brannstasjon på prestebustadtomta

Til toppen