Skabb - ei plage på frammarsj

Skabb er eit urgamalt helseproblem, men dei siste 5 åra har det vore ei tydeleg auke i Noreg. Aftenposten rapporterte i februar 2019 om ein skabb-epidemi blant ungdom i Oslo. Nyleg melde Stavanger Aftenblad at det er funne levande skabb på ein mobiltelefon kort tid etter kontakt med smitta, og VG har rapportert om utbrot i skular og barnehagar. Det ser ut til at skabbmidden overlever lengre utan hudkontakt enn den gjorde tidlegare. 

Illustrasjon av arm med skabbinfeksjon. (Skjermdump frå nhi.no) (NHI.no) - Klikk for stort bilete

Skabb er ein parasitt som graver seg inn under huda, og lever i og av hud. Den smitter ikkje ved vanleg sosial omgang, men ved direkte hudkontakt over litt tid, t.d. ved seksuell kontakt. Men den kan òg overleve i sengetøy i inntil fire døgn, og kan smitte dersom ein deler seng. I nokre tilfelle kan den og smitte ved at ein deler handklede eller klede. Midden trivst godt der huda er tynn, som mellom fingrane, i armholene og i underlivet, eller på bøyesida av ledd. 

 

Intens kløe og blemmer 

Når skabbmidden har grave seg inn under huda, legg den egg som blir klekt til larvar etter 3-4 døgn. Det tek oftast frå 3-6 veker frå ein er smitta til ein får symptom i form av intens kløe og små nuppar eller blemmer i huda, oftast verst om natta. Dette kan lett mistolkast som eksem, om ein ikkje mistenker at ein kan ha blitt smitta. Den intense kløen kjem av reaksjon på avføringa til skabben, og ikkje midden i seg sjølv. Har ein hatt skabb før, kjem symptoma raskt dersom ein blir smitta på ny. Etter behandling vil kløen gradvis forsvinne, men det tar som regel fleire veker før det blir bra.

 
Alle kan bli smitta med skabb dersom dei kjem i nærkontakt med midden. Det er derfor viktig å tenke på skabb dersom ein plutseleg får kløe og utslett av uklar orsak. Ofte går det lang tid før rett diagnose blir stilt, og det aukar faren for smittespreiing. Epidemien blant unge skuldast at dei som gruppe oftare har nærkontakt med fleire. I det siste har skabbmidden også blitt «tøffare» å bli kvitt, men det er ikkje funne teikn til at den er blitt resistent (motstandsdyktig) mot skabbmedel her i landet.
 

Behandling naudsynt

Skabb forsvinn ikkje av seg sjølv, men må behandlast. Alle som bur i same huset, og eventuelt andre nærkontaktar, må ta kur samtidig, sjølv om ikkje alle har kløe. Det hindrar at ein smittar kvarandre på ny. Rett diagnose er viktig, oppsøk lege om du har mistanke. Førstevalet er Permetrin (Nix) krem mot skabb, som ein kan kjøpe utan resept på apotek. Det er vanlegvis effektivt dersom ein følgjer rettleiinga, og klarer å dekke alle deler av kroppen i lang nok tid. I nokre tilfelle har det vist seg å ikkje vere tilstrekkeleg med standardkur. Då finns det alternativt regime for bruk, eller andre legemiddel, t.d. tablettar som må søkjast om av lege.  
 
Det er avgjerande å kvitte seg med eventuelle skabbmidd som kan vere i huset eller bilen. Skabbmidd vil døy etter tre til fire døgn utan kontakt med hud. Sengetøy, handklede og klede som har vore nær huda, må vaskast ved 60 grader. Tøy som ikkje toler dette, kan ein henge bort i ei veke, eller legge i ein fryseboks over natta. Midden vil òg døy ved oppbevaring i 5 døgn i romtemperatur, då helst pakka inn i plast. Større plagg og yttertøy, dyner, tepper, puter og madrassar skal ein lufte godt og sette bort. Hugs at dette også gjeld bilseter og møbler. 
 

Smittevernet i Bømlo kommune

Sist endra 06.02.2020 09:11
Fant du det du leitte etter?