Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Skal du ha konfirmasjonsfest eller bryllaup - tenk på dette

Årets konfirmasjonsførebuingar og sjølve festdagen er annleis enn kva som har vore vanleg. Skal du ha konfirmasjonsfesten privat er det inntil 20 personar og ein meter mellom gjestene. I forsamlingslokale med ansvarleg arrangør kan det vere opptil 200 personar.

Bordsete fint pynta. (Pexels) - Klikk for stort bilete

Grunna koronapandemien er smittevern veldig viktig for ulike arrangementer og samankomstar som konfirmasjon, bryllaup, bursdagsfeiringar o.l. Bømlo kommune ynskjer at folk skal kose seg på slike arrangement, og dersom ein følgjer dei vanlege smittevernråda kan me hindra eit lokalt utbrot.

 

- Det er viktig å klargjere kven som er ansvarleg for arrangementet, om det er leigetakar eller utleigar eller andre, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. Er du i tvil om kva reglar som gjeld, kan du få råd hjå kommunen eller hjå nasjonale helsemynde.

 

På https://helsenorge.no/koronavirus/feiringer-sammenkomster-og-arrangementer finn du gjeldande retningsliner og råd for korleis du kan gjennomføra ein trygg konfirmasjonsfest eller andre arrangement.

 

- Hugs at avstandsreglane og andre smitteverntiltak skal haldast gjennom heile arrangementet, minnar smittevernlegen om.

 

For å lette påbodet om å føre lister over personar tilstades på arrangementet til bruk i eventuelt smitteoppsporingsarbeid har kommunen utarbeidd lister du kan skrive ut her.

 

Oversikt deltakarar private arrangement - inntil 20 personar (DOCX, 33 kB)

 

Oversikt deltakarar arrangement i forsamlingslokale - opptil 200 personar (DOCX, 47 kB)

 

Her kan du lese ein artikkel frå NRK om konfirmasjonsfeiring

Sist endra 18.09.2020 14:20
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering