Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Skal du teste deg for korona?

Prøve for korona. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Har du nyoppstått luftvegsinfeksjon, eller andre symptom på covid-19 må du kontakta koronatelefonen 53 42 30 01 for å få testa deg. Ha klart personnummeret ditt for å lette registreringsarbeidet. Du vert berre kontaka av helsepersonell i etterkant dersom prøven viser smitte med koronavirus.

To personar i smittevernutstyr for testing av Covid-19. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Før du ringer – sjekk deg på www.koronasjekk.no

Koronatelefonen har ope måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30.

Testing pågår mellom kl. 12.00 og 13.00

 

- Pågangen på koronatelefonen og folk som testar seg for Covid-19 er for tida stor. Me vil difor kome med nokre påminningar om rutinar for effektiv avvikling av testing og svar, samt å lette presset på dei som arbeider ved teststasjonen, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. 

 

Du som blir testa for covid-19

  • Ha klart personnummeret ditt når du ringer koronatelefonen
  • Du blir testa fordi du har symptom som kan gje mistanke om covid-19, eller har vore utsett for mogleg smitte. 
  • Fram til du får testresultatet, må du halde deg i heimekarantene (ikkje gå på arbeid, nytte offentleg transport, besøk o.l.).
  • Svaret kjem i løpet av 1-3 dagar og vil vere tilgjengeleg på helsenorge.no så snart det er klart. Du kan sjølv logge deg inn via ID-porten (t.d. med bank-ID).
  • Prøven blir òg testa for andre virus som kan gi luftvegssymptom. Me vil berre kontakte deg dersom prøven viser smitte med koronavirus.
  • Ved andre spørsmål eller helseproblem må du kontakte fastlege. Dersom du ikkje finn svaret etter 3 døgn, kan du ta kontakt med koronatelefonen (53 42 30 01) eller fastlegen din for å etterspørje svaret.

Her finn du informasjon om testinga: Flytskjema for covid-19-testing ved symptom (PDF, 197 kB)

Informasjonsskriv til deg som vert testa for covid-19 (PDF, 575 kB)

 

Hald avstand - faren er ikkje over

- Det er lett å forstå at ein blir lei av å heile tida passe på og halde avstand til andre. Når samfunnet no er opna opp vil risikoen for smittespreiing og auke. For dei fleste av oss vil smitte med Covid-19 ikkje vere så farleg, men for dei som er i risikogruppa kan det vere katastrofalt å bli smitta. Det er derfor viktig at alle held fram med å følgje dei nasjonale smittevernråda, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.
 
 
Dei tre viktigaste smittevernråda er framleis:
  • Hald avstand
  • Vask hendene ofte  
  • Ha god hoste-/nysehygiene
Sist endra 31.08.2020 12:03
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering