- Snakk med oss

Bømlo kommune har oppretta to nye hjelpetelefonar for innbyggjarane. Det er ein ekstrem situasjon me er oppe i, og når det er så mykje uvisse rundt oss kan det dukka opp mange spørsmål og tankar som kan være vanskelege å handtere. 

Telefonvakt hjelpetelefon Snakk med oss. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Ein pandemi skapar frykt blant folk. Karantene og smittefare gjer at det folk bør halde seg heime, og me vert isolert. Då treng ein kanskje nokon å snakke med. Bømlo kommune har oppretta hjelpetelefonen «Snakk med oss» med telefonnummer 917 54 286. Det skal vere ein låg terskel for å oppsøke hjelp, derfor håpar me at dei som har behov for nokon å snakke med nyttar seg av dette tilbodet, seier leiar for barne- og famlietenesta i kommunen, Linda Hellen.
 
 

Tilgjengeleg for publikum

I førre veke oppretta Bømlo kommune ein telefon der publikum kan ringe om dei har spørsmål knytt til Koronapandemien. Dette telefonnummeret er 53 42 30 01 og er ope alle dagar. Personar som har spørsmål om korona kan ringje telefonen alle dagar mellom kl. 08.00-22.00.
 
Denne telefonen vert handtert av helsepersonell, og vil gje deg god rettleiing, og vurdere behov for testing og eventuelt vidare konsultasjon med fastlege. Den nye hjelpetelefonen «Snakk med oss» er til for å hindre psykisk uhelse og skal yte psykososial omsorg og rådgiving i ein krevjande situasjon. 
 
- No er me i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda held stengt og dagleglivet endrast drastisk. Me blir tvunge til å vere heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før vil få det enda vanskelegare no. Då er det viktig å vite at det er hjelp å få, seier ordførar Sammy Olsen i Bømlo kommune. 
 
 
 

Informasjon om «Snakk med oss»

 
Kven kan bruke oss ?
Alle som vil snakke om utfordringar og bekymringar kan ta kontakt med vår hjelpetelefon med lokale fagfolk. Me kan og gje tips om tiltak og ev vidareformidle til tettare oppfølging. Du kan vere anonym og me har teieplikt. 
 
Kva kan me tilby? 
Våre rådgjevarar har ulik fagbakgrunn som sosionom, foreldrerettleiarar, psykisk helsearbeidarar, barnevernspedagog og pedagogar. Me tilbyr dialog om enkle eller meir vanskelege team. Me har tid, me lyttar og reflekterer saman med deg og kan gje råd og omsorg. Me ynskjer å bidra til optimisme og oppleving av meistring og sjølvstende. Ved meir akutt fare og behov for meir kontinuerleg oppfølging, kan me vidareformidle deg vidare til rette instans.
 
 
 
 
 
 
 
 
Telefonvakt koronatelefon dame. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Hjelpetelefonen SNAKK MED OSS - 917 54 286. - Klikk for stort bilete Telefon vakt koroanatelefon mann. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Koronatelefon Bømlo 53 42 30 01 alle dagar kl. 08.00 til 22.00 - Klikk for stort bilete
Sist endra 26.03.2020 13:24
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
kontaktperson
Telefon:
90 96 17 02
Mobil:
909 61 702
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering