Søk verv som meddommar

Er du interessert i lov og rett? Kanskje du vil gjere ein jobb i rettssalen? No har du sjansen ved å stilla som kandidat som meddommar eller skjønsmedlem til lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten. Søk innan fristen 10. april 2024. 

Eit vanleg rettsprinsipp er at ein skal dømmast av sine likemenn. Lekfolk spelar difor ein viktig rolle i vårt rettssystem. Som meddommar får du høve til å vere deltakar på eit viktig samfunnsområde.  Kommunestyret vel meddommarar til tingretten, lagmannsretten. og jordskifteretten Valet skjer etter kvart kommunestyreval og gjeld for fire år. Frist for tilbakemelding frå domstolen til kommunane om tal på kandidatar er 1. mars. 

Finn meir informasjon om meddommarordninga her

Bømlo rekrutterar

Bømlo kommune skal rekruttera nye meddommarar for perioden 01.01.2025 til 31.12.2028 i løpet av våren 2024.  Det skal velgast 30 meddommarar og skjønsmedlemmer til Haugaland og Sunnhordland tingrett, med 15 kvinner og 15 menn. Det skal velgast åtte meddommarar til jordskifteretten, fire menn og fire kvinner.  Tal på kandidatar frå Bømlo kommune til Gulating lagmannsrett er enno ikkje klart.

mann hentar brev frå postkasse i teiknefilm - Klikk for stort bileteDomstoladministrasjonen sin rekrutteringsvideo for meddommarar. Domstoladministrasjonen/YouTube

Kva er ein meddommar?

Meddommarutval blir danna for tingretten, lagmannsretten, og jordskifteretten, med separate utval for kvinner og menn i samsvar med domstolloven og jordskifteloven. Kommunen skal også fremje forslag til skjønnsmedlemmer som vert valde av fylkestinget. Valet skjer i kommunestyremøtet i juni 2024.

Sjå videoen frå Domstoladministrasjonen

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av rettssaker saman med domstolen sine eigne fagdommarar.  Meddommarar deltek i straffesaker og kan delta i tvistar i sivile saker ved krav. Dei kan også stille spørsmål under rettsmøter.  

Spesialiserte roller inkluderer jordskiftemeddommarar i jordskifteretten og arbeidslivskunnige meddommarar i arbeidslivssaker. Meddommarutval blir danna for tingretten, lagmannsretten, og jordskifteretten, med separate utval for kvinner og menn i samsvar med domstolloven og jordskifteloven.

Søk om å bli meddommar

 

Til toppen