Søkjer ny rektor til Meling skule

Elevar leiter etter bøker på skulebibliotek. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Sidan noverande rektor tek til som rektor på Bremnes ungdomsskule, vert det ledig 100% stilling som rektor ved Meling skule frå 01.05.19. I tillegg til rektor har skulen ein avdelingsleiar med leiingsressurs på ca. 30% og ein merkantil ressurs. Kommunen er organisert som ein to-nivå kommune, der rektor har vide fullmakter og stort ansvar.

Meling skule er ein fulldelt barneskule med 130 elevar, og har ca. 40 barn i skulefritidsordninga. Skulen ligg på vestsida av Bømlo, om lag 2 km frå kommunesenteret. På Meling skule går trivsel og læring hand i hand – "ein god stad å vera og ein god stad å læra”.

 

Me kan tilby:

• 130 kreative, humørfylte og flotte elevar
• 20 profesjonelle og engasjerte kollegaer
• Variert naturområde og stort utemiljø
• Eit ambisiøst og støttande skuleleiarnettverk i kommunen

 

Me søkjer ein rektor som:

• har engasjement til å skape gode læringsprosessar og utvikle eit godt læringsmiljø både for elevar og tilsette
• er god til å leie, inspirere og motivere andre
• kan leie skulen vidare inn i ei digital framtid
• har evne til å skape gode driftsrutinar for skulen
• har kjennskap til lov- og avtaleverk, og har god økonomiforståing
• kommuniserer godt med samarbeidspartnarar i og utanfor skulen
• har leiarerfaring frå skulesektoren

 

Krav:

Vedkommande må ha pedagogisk utdanning.
• Relevant leiarerfaring/leiarutdanning er eit fortrinn. For aktuelle søkjarar som ikkje har dette, vil tilsetjing skje på vilkår av at ein er villig til å gjennomføra skuleleiarutdanning.
• Ny rektor som tiltrer må vere ein tydeleg, målretta og handlekraftig leiar som både formidlar forventningar og viser omsorg.
• Politiattest er påkravd.


Løn etter avtale. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund - 53 42 30 54 /9 75 00 432

 

Søk elektronisk her innan 3. mars 2019

 

Sist endra 12.02.2019 14:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering