Stengjer store parkeringsplassen ved Siggjo

Onsdag og torsdag denne veka vert den store parkeringsplassen til Siggjo langs FV 542 ved Grøvle stengt. Vassbakk & Stol skal då lagra steinane som skal brukast til sherpatrappene opp til Siggjo. Den litle parkeringsplassen er ope som vanleg.

damer med ryggsekk går opp fjellsti - Klikk for stort bileteSherpatrappene kjem frå første oppstigning frå grusvegen opp Siggjo. Simon Knutsson Sortland - Ting skjer fort no, så difor fekk me ikkje varsla om stenginga før, opplyser prosjektleiar Hein Schaug i Turløype Siggjo/Bømlo Turlag. Tysdag og onsdag i neste veke skal steinane sorterast i pakkar før dei vert frakta med helikopter opp til starten av sherpatrappene. Denne er ved enden av grusvegen der stien og oppstiginga til det første platået byrjar.

Bømlo kommune har inngått avtale med grunneigarane langs stien til Siggjo. Bømlo Turlag har også fått tippemidlar og anna støtte til prosjektet. Friluftsrådet Vest har opparbeidd og fått på plass offentleg toalett på parkeringsplassen som no vert stengt eit par dagar.

   

Til toppen