Store utbyggingar innan industri og veg

Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA AS orienterte formannskapet om planlagde investeringar og vurdering av omlegging av gebyrmodell. Kommunestyret får ei sak om dette i samband med budsjettmøtet i  desember.

Halleraker synte til Hovudplan for vatn og avlaup 2022-2050. Selskapet driv si verksemd etter sjølvkostprinsippet, og det er dei nær 8000 abonnentane som betalar for drifta i form av vass- og avlaupsgebyr.

Store investeringar

- Me står føre store investeringar framover. Dette er vegprosjekt i samband med Bømlopakken og store industriutbyggingar, mellom anna vatn til Hovlandshagen. Ein stor del av investeringane vil komme innan dei 5 til 6 første åra og det er viktig for selskapet å informere eigar om dei utfordringar ein ser framføre seg, seier Halleraker.

Han reiste også spørsmålet om kva strategi eigar meiner selskapet skal ha framover for å stetta både innbyggjarane og næringslivet sine forventningar og behov.

- Bømlo har godt og reint vatn, men det kjem ikkje av seg sjølv, konkluderte ordførar Sammy Olsen etter presentasjonen frå det heileigde kommunale vatn- og avlaupsselskapet. Han takka for grundig og god informasjon som politikarane vil ta med seg vidare i strategi- og budsjettarbeidet.

Hovudplan for vatn og avlaup

Trafikksikring og flaggreglement

Formannskapet tok til orientering 2. tertialrapport rekneskap og finans. Mot Partiet De Kristne si røyst vedtok formannskapet å innstilla til kommunestyret i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg om flagging på kommunale bygningar.

Birgit Sønstabø Esperø (KrF) etterlyste status og framdrift på overgang frå Stavlandsneset til fortau på andre sida av vegen. Dette er skuleveg og skulle prioriterast som trafikksikringsprojekt. Ho får svar i neste møte.

Formannskapet lukka møtet for to saker som gjaldt  sal av industriområde i Rubbestadneset og regulering av løn til kommunedirektøren.

Saksdokument frå formannskapsmøte 7. oktober 2021

Til toppen