Storsatsing på Serklau

- Me er stolt over at ei verdsleiande verksemd satsar her på Moster. Å skapa arbeidsplassar og auka folketalet er viktig for ein berekraftig kommune som Bømlo, og då er me avhengig av eit næringsliv som vil noko. Gratulera med dagen ScaleAQ!

ordførar klyppar snor medan tre andre ser på - Klikk for stort bileteOrdførar Sammy Olsen skar over tauet for offisielt å opna nybygget med hjelp frå varaordførar Ragnfrid Sønstabø, salsdirektør Åsmund Håvik og tilsett Steffen Selle (t.h) Simon Knutsson Sortland Ordførar Sammy Olsen skar over eit tau med kniv for offisielt å markera nyopninga av ScaleAQ sitt nybygg på Serklau industriområde torsdag 28. april. Saman med varaordførar Ragnfrid Sønstabø og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter var det viktig for han å understreka at kommunen legg til rette for næringsutvikling, mellom anna gjennom reguleringsplanar.

Utvidar og satsar

- I 2017 var eg einaste tilsette her ute og me hadde åtte mål å boltra oss på. I dag er me ca 25 med 63 mål til rådvelde. Ved komande årsskiftet er me truleg kring 30 tilsette og må utvida endå meir. Eg er stolt og kry over heile teamet, plassen her og det fantastiske nybygget vårt. Difor har eg stor tru på framleis vekst, sa ein engasjert plassansvarleg/site manager Ståle Ytrøy.

- Scale AQ har totalt 800 tilsette på verdsbasis, og av dei 320 i Norge. Av desse er 25 på Bømlo og 60 i Haugesund. Me har ei komplett portefølje innan vår satsing på havbruk, og me er glade for at Bømlo er valgt som satsingsområde. Her ligg me midt i matfatet, og me handlar alt me kan lokalt, supplerte salsdirektør Åsmund Håvik som også er glad for at Moster og Bømlo no blir konsernet sitt kraftsenter i sør. I nybygget vert det produksjon og vanleg vedlikehald av produkter dei leverar.

Lokale arbeidsplassar

- Me er veldig opptekne av å skapa berekraftige lokale arbeidsplassar fordi dei er så viktige for lokalsamfunna, men og for oss som konsern. Eg er imponert over drivkrafta og evna til nytenkning i industrien på Bømlo, sa kommersiell direktør Nina Olufsen.

- Næringslivet på Bømlo er i tillegg gode til å gå mot trendar og heller ta moglegheitane som byr seg, ikkje minst noko Bømlo-modellen for vidaregåande skule og yrkesfag er eit prov på. No har me 19 søkjarar til 15 plassar på den nye akvakulturlina i Rubbestadneset, og det første året. Det er me stolte over, sa leiar Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd.

Martin Laurhammer frå byggherren Caiano orienterte om byggjeprosessen og overrekte Ytrøy eit måleri med motiv av arbeidskaren «Ola Flytt» frå Haugesund. Dei inviterte gjestene og tilsette fekk deretter omvising i nybygget og på industriområdet, forfriskningar, kake og ikkje minst ein minikonsert og øksekastkonkurranse i regi av Heine Totland.

ScaleAQ si nettside

Til toppen