Storstreik avverga - semje i kommuneoppgjeret

Det vert ikkje storstreik i kommunane då partane kom til semje eit halvt døgn på overtid tysdag ettermiddag, melder NTB. 

- Me er glade for at det ikkje vart storstreik, seier personalsjef Vanja Espeland. Ingen tilsette i Bømlo kommune ville blitt teken ut i første omgang, legg ho til.

LO kommune, Unio kommune, YS kommune, Akademikerne og KS er samde om ein avtale med ei ramme på 3,84 prosent.

Pressemelding frå KS om løysing i kommunal sektor

Varslar lærarstreik

Storstreik vart avverga då Utdanningsforbundet stemte blankt. Men dei varslar likevel at det kan bli lærarstreik om to veker dersom sentralstyret deira røyster nei til å godkjenne meklingsresultatet.

Pressemelding om Utdanningsforbundet som varslar lærarstreik om fjorten dagar

Til toppen