Stort engasjement for bygda

Presentasjon grendautvalsmøte i Rubbestadneset. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- "Helsefremjande nærmiljø/lokalsamfunn" er eit stort og viktig utviklingsprosjekt i Bømlo kommune. Arbeidet er på vegne av resten av kommune-Norge som skal kunne nytte vårt arbeid i sin kommune, seier prosjektleiar Anne-Beth Njærheim.

 

Mykje folk i salen. Rubbhallen. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune er ein av 4 kommunar i Hordaland (som er eit av 8 fylker) som deltek i Helsedirektoratet sitt folkehelseprosjekt "Helsefremjande nærmiljø/lokalsamfunn".

 

Digitale flyfotokart

I vekene 40-43 i 2016 gjennomførte vi spørjeundersøking retta mot personar i aldersgruppa 67-79 år i lokalsamfunna Moster, Rubbestadneset og Espevær som er dei lokalsamfunn som deltek i prosjektet på Bømlo. Same spørjeskjema vart og nytta for 6, 7 og 9 klassetrinn, medan 5,8 og 10 klassetrinn nytta ein metode kalla «ut av huset kartlegging». Grendautvala har og laga oversikt på eit flyfoto over kva som er av ulike tilbod, aktivitetar i bygda. Dette skal digitaliserast og kunne nyttast av desse lokalmiljøa og kommunen.

Data/funn frå dette vart presenter for desse bygdene i eit eige grendamøte i kvar bygd. På Moster 21.03 møtte om lag 150 personar og på Rubbestadneset 22.03 møtte om lag 120 personar. No gjenstår  grendamøte på Espevær 28.03. - Spennande å sjå kor stort oppmøte blir der, seier prosjektleiar Anne-Beth Njærheim.


Ho leiar ei prosjektgruppe som jobbar med dette prosjektet. Her er sjølvsagt grendauvala representert. Bestillinga er å finne fram til gode metodar/metodeutvikling for kva som t.d. kjenneteiknar eit helsefremjande lokalsamfunn. Kva gjer at det er godt å bu her, kva er mindre bra og kva kan endrast/forbetrast.

 

Samarbeid med høgskulen

I tillegg er Bømlo kommune tildelt midlar frå regionalt forskingsfond og har eit nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Representantar frå Høgskulen deltok også på grendamøtene.
 

- Me håpa på god deltaking i desse bygdene desse ettermiddagane, men hadde vel ikkje drøymd om så stort oppmøte. Mykje spennande vart lagt  fram, og diskusjonen rundt bordene var god. Det kom mange gode innspel og forslag frå dei frammøtte. Utfordringa er å ta tak i det ein sjølve kan gjere noko med. Innspel direkte til kommunen vert tatt med i m.a. kommuneplanarbeidet, seier Njærheim.

 

 

 

Sist endra 27.03.2017 12:02
Fant du det du leitte etter?