Stort engasjement frå friviljuge

 - Eg er takksam for at så mange personar vel bort finveret til fordel for å gje innspel til kommunen sin kulturplan. Her er ei stor breidde av lag og organisasjonar med barn, unge, vaksne og eldre representert, opna kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund det årlege dialogmøtet mellom lag og organisasjonar i Bømlo folkebibliotek tysdag 18. april.

ung jente saman med vaksne rundt eit bord med plakatar - Klikk for stort bileteTherese Steinsland frå Bømlo Shotokan Karateklubb feira 9-årsdagen sin på dialogmøte i Bømlo folkebibliotek. Simon Knutsson Sortland

Dei kring seksti frammøtte representerte 35 friviljuge laga og organisasjonar. Frå kommuneadministrasjonen deltok også kommunalsjef for samfunnsutvikling Tone Stavland med fleire. Rådgjevar for frivilligheit og folkehelse Lene Borgen Waage leia samlinga som ho kalla avsparket for kommunedelplanen for kultur, idrett og frivilligheit. Waage understreka at deira medverknad er sentral for å få til og forma ein god prosess og dialog mellom dei friviljuge og kommunen.

Reell og tidleg medverknad

Deltakarane fekk fem spørsmål å diskutere. Dei byta bord for å kome med innspel på alle fem før dei til slutt samlast ved sitt opprinnelege bord for å presentere nokre sentrale punkt frå kvart spørsmål. Den yngste deltakaren var bursdagsbarnet Therese Steinsland frå Moster som representerer Bømlo Shotokan Karateklubb. Niåringen var litt brydd av all merksemda, men syntes og det var litt spennande å vere med mamma på dette møtet.

Dei fem spørsmåla gruppene skulle gje innspel på er:

  • Korleis legg me til rette for møteplassar, levande nærmiljø, offentlege rom og stader?
  • Kva rolle kan lag og organisasjonar ha for at Bømlo skal vera ein god plass å bu og vera?
  • Korleis kan me byggja ned barrierer for deltaking?
  • Kva kan me gjera for at det skal bli enklare å rekruttera leiarar for aktivitetar og styreverv?
  • Kva prosessar og dialogformer bør me ha for medverknad og dialog med lag og organisasjonar?
     

- Me må vere synlege og inkluderande. Lag og organisasjonar må samarbeida om bruk av lokaler, framsnakka aktivitetane og arbeidet vårt. Me må ha dialog for å sikra medverknad på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Me må skapa gode møteplassar på tvers av generasjonane. Kommunen kan bidra til å skapa eit Frivilligheitens hus i gamle BUS og kanskje ha nokre minibussar å leige ut på kveldar og helgar for å frakta folk fram og tilbake til aktivitetane, var blant forslaga som kom fram.

- Det er ikkje så farleg om mykje av fritidsaktivitetar er sentralisert om berre alle hadde hatt høve å kome oss til dei og frå utkantane. Eit betre kollektivtilbod hadde gjort mykje, var alle samde om. Det same gjaldt å lage ein hashtagg #Dugnaderkjektpåbømlo.

Konkret handlingsplan

- Det er mykje god kompetanse i våre lag og organisasjonar, de er både frie og viljuge. Kva kan kommunen hjelpa til med ved å leggje til rette og koordinere? Det ynskjer me dykkar innspel på når me no skal laga kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit, understreka Bjørklund. Planen skal først ut på høyring før den kjem opp til politisk handsaming i haust. Planen skal òg ha ein handlingsplan me ynskjer så konkret som råd, og me skal og sørgje for at dei som ikkje er representert her i kveld også skal få høve til medverknad og kome med innspel, understreka kommunalsjef Bjørklund.

Kom med dine innspel

Heile oppsummeringa av dialogmøte kan du sjå på kommunen sine sider for arbeidet med kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. Om du eller ditt lag eller organisasjon ikkje hadde høve til å delta på dialogmøtet kan de her også kome med innspel.

Les alt om kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit

Til toppen