Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Støtte til inntektsbortfall

Regjeringa sine mellombelse forskriftene for kompensasjonsordningane for kultur, frivilligheit og idrett er klare. Ordninga omfamnar arrangement fram til 31. august.

Opning nye krøllo_sks.jpg - Klikk for stort bilete

Ordninga for frivilligheit og idrett dekkjer no ei rad inntektstap sektoren har og har hatt som følgje av at dei har måtta stenge, avlyse eller utsetje arrangement og aktivitetar som dei skulle fått inntekter frå. Det har også blitt enklare for idrettslag og andre frivilljuge organisasjoner å søkja. Medlemsinntekter, pengegåver og sponsor- og reklameinntekter vert ikkje dekka. Alle som er registrert i Frivillighetsregisteret kan søkja ordninga for frivilligheit og idrett, også kulturfrivilligheita.
 
Ordninga for kultursektoren dekkjer tap og meirutgifter i samband med utsetjing eller heil eller delvis avlysning eller stenging av arrangement, og inkluderar no også underleverandører til kulturarrangement. Med underleverandør meinast aktørar innanfor lys, lyd, bilde og rigg, artistar, management, booking og filmdistributørar som leverar tenester eller innhald til eit kulturarrangement, og aktørar som leiger ut lokaler der det skal gjennomførast eit kulturarrangement.
 

Ordninga omfamnar arrangement fram til 31. august. 

Sist endra 17.07.2020 09:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
E-post:
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering