Stram økonomi på dagsorden

Formannskapet var samstemte i alle sakene dei handsama i møtet torsdag 1. februar.  Å ta i bruk eit nytt system for gjennomføring av møtet var ei lita utfordring samanlikna med den økonomiske utfordringa kommunen vil møte dei næraste åra.

Fram til utgangen av november 2023 var det eit negativt resultat på drifta med kr 32,5 millionar kroner. Prognosen for meirforbruk for 2023 var pr desember på kr 36,1 mill. kroner. Meirforbruket er i hovudsak relatert til felles grunnskule, barne og familietenesta, barnevern, habiliteringstenesta, institusjonane våre og legetenesta. I tillegg vart skatteinntektene og forventa havbruksinntekter frå siste konsesjonsrunde mindre enn kommunen hadde budsjettert med. 

- Me har tidlegare varsla at me vil få eit stort negativt resultat i drifta for 2023. Dette vil bruke opp det som er att av disposisjonsfondet vårt, og me må dei neste to åra skaffa finansiering for å dekka inn dette underskotet, opplyste kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i si orientering.  Han orienterte vidare om kva tiltak som er sett i verk for å møta ei framtid med færre ressursar, både praktisk og økonomisk. 

Innkalling og møteprotokoll Formannskapet 1. februar 2024

Varslar takstauke for elbilar

Formannskapet vedtok samrøystes å innstilla til kommunestyret ei 20 prosent auke av ordinær bompengetakst for el-bilar i Bømlopakken. Rabatten skal til ei kvar tid følgja minimumsrabatten fastsett av Stortinget. Argumenta fremja i debatten var mellom anna at dette er i tråd med tidlegare kommunale vedtak for Bømlopakken og ein nasjonal trend for å oppretthalda ein balansert inntekt gjennom bompengeperioden. Dessutan er det like mykje slitasje på vegane frå el-bilar som andre køyrety.

Regjeringa har sendt på høyring forslag til endringar i barnehagelova som endrar finansieringa av private barnehagar. Bømlo kommune støttar at kommunane får høve til å fastsetja forskrifter for makspris for foreldrebetaling og kostpengar, minimums opningstid, bemanning og kompetanse. Kommunedirektøren sitt framlegg til høyringssvar til endringar i barnehagelova med forskrifter vart samrøystes innstilt til kommunestyret.

gruppemøte rundt bord med ipadar - Klikk for stort bileteKrevjande økonomiske utfordringar møter formannskapet dei næraste åra. Simon Knutsson Sortland
Til toppen