Strandryddedag på eige initiativ
Bømlo kommune beklagar at me i år diverre ikkje kjem til å organisera ein strandryddedag. Dette grunna nyleg personalskifte og dermed for kort tid til å stå for organiseringa. Men det finst alternativ for å delta på eller organisera private ryddedagar.
Dersom de framleis vil organisere eller være med på ein ryddedag på eiget initiativ, så finst det nokre alternativ:
- 15. september organiserer Rein Hardangerfjord ein strandryddedag kor du kan melde deg på eit ryddelag. Du kan også rydde andre dagar. Konteiner står plassert ved BUA på Bremnes til 21. september, og etter påmelding kan utstyr hentast på rådhuset frå 13. september i opningstidene til kundetorget måndag-fredag klokka 08.30-14.30. Meir informasjon om Rein Hardangerfjord
- SIM tilbyr hele året ulike typar eigen-initierte ryddeaksjonar, kor ei av dei er "rydd ei strand". Her kan du blant anna søkja på strandryddestøtte, kor du kan få midlar til ditt lag eller organisasjon gjennom å plukka marint avfall. Les meir om Ryddeaksjonar - SIM
Sist endra 13.09.2023 09:26