Straummålarar og helseplagar

Stråling automatiske straummålarar (Statens strålevern) - Klikk for stort bilete

Mange er uroa for om smarte straummålarar kan vere skadeleg for helsa, og kraftselskapa har gitt høve til fritak dersom ein kan leggje fram legeerklæring som dokumentasjon. Dette er problematisk.

Finnås kraftlag FB om ny straummålar (Finnås Kraftlag) - Klikk for stort bilete

Innbyggjarane i Bømlo kommune har i det siste fått brev frå Finnås kraftlag om at dei står for tur for installering av såkalla smarte straummålarar, som sender informasjon om straumforbruket direkte til kraftselskapet. Mange er uroa for om slike målarar kan vere skadeleg for helsa, og kraftselskapa har gitt høve til fritak dersom ein kan leggje fram legeerklæring som dokumentasjon. 

 

Det kan vere mange grunnar til at nokre opplever helseplagar, og det har vore mykje spekulasjon rundt helseskader av elektromagnetisk stråling av ting vi omgjev oss med til dagleg, utan at ein har funne haldepunkt for dette. Bekymring for mogleg helseskade kan i seg sjølv vere grunn til at ein kjenner på ulike symptom.


- Legane i Noreg opplever førespurnader om legeerklæring på dette grunnlaget som problematisk, og mange vel å ikkje skrive slike erklæringar. Grunnen er at det ikkje finst dokumentasjon på samanheng mellom helseplager og straummålarar. Då er det heller ikkje grunnlag for å skrive legeerklæring, som skal vere objektiv og sakleg, opplyser  kommuneoverlege Kjersti Follesø.

 

Statens strålevern har lagt ut følgjande informasjon på si nettside:

- Svak stråling fra smarte strømmålere

 - Strålingen fra de nye smarte strømmålerne er så svak at det ikke er helsefarlig å få installert en slik hjemme. Det spiller ingen rolle hvor mange ganger i døgnet strømmåleren din sender data til nettselskapet, for strålingen er fortsatt svak. Alle teknologiene som brukes i de ulike strømmålerne gir svak stråling. Maksimal sendeeffekt for målerne er 0,5 watt. En mobiltelefon kan sende med opptil 2 watt. Den lave sendeeffekten gjør at strålingen er svak og ligger langt under de anbefalte grenseverdiene. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet vil i samarbeid med Statens strålevern gjennomføre kontrollmålinger av strålingen fra målerne etter hvert som de installeres i norske hjem i perioden 2017–2018.

 

Meir informasjon om automatiske straummålarar:

Finnås kraftlag - informasjon om din nye straummålar

Smarte straummålarar

 

Sist endra 07.11.2017 15:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
 
Login for redigering