Straumstøtte for friviljuge organisasjonar

Tilskotsordninga med straumstøtte til friviljuge organisasjonar vert ført vidare til og med mars 2023. Søknadsskjemaet for april-juni 2022 vert opna tidlegast i midten av august.

Organisasjonane skal ikkje lengjer søkje kommunane om støtte då Lotteri- og stiftelsestilsynet har teke over forvaltninga av ordninga. Det vert ein søknadsrunde i kvart kvartal. Søknadar som gjeld for perioden april-juni 2022 kan sendast inn frå siste halvdel av august. Støtta vert rekna ut basert på dokumentert straumforbruk. Mottakarar får dekka 80 prosent av prisskilnaden mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. 

Regjeringa om ordninga Straumstøtte til friviljuge lag og organisasjonar

Lottstift.no: Korleis søkje straumstøtte for friviljuge lag og organisasjonar

Til toppen