Streik i seks barnehagar

Det blir streik i Maurtua barnehage og alle dei fem Espira-barnehagane i Bømlo frå førstkomande torsdag grunna brot i forhandlingane. All informasjon vedrørande konsekvensar av streiken får foreldra gjennom sin barnehage.

På grunn av brot i hovudforhandlingane i PBL-området (Private barnehagers landsforbund), vil 6 barnehagar i Bømlo bli råka av streik. Det er: Espira Moster barnehage, Espira Rubbestadneset barnehage, Espira Hollund barnehage, Espira Finnås barnehage, Espira Salamonskogen barnehage og Maurtua barnehage. Dette kan få konsekvensar for drifta i desse barnehagane.

- Bømlo kommune som barnehagemynde har dialog med dei private barnehageeigarane om korleis dei vil organisera tilbodet sitt. Meir informasjon om konsekvensar av streiken vert gjeve frå den einskilde barnehagen, seier rådgjevar Kristin Skare i Bømlo kommune. 

Til toppen