Styrkar innsatsen for barn og ungdom

- Ser du noko teikn til eller føler uro for eit born så ikkje sjå forbi det, men gjer noko med det, var SLT-koordinator Stian Olderkjær i Bømlo kommune si klåre oppmoding. Saman med kollegane frå Stord og Fitjar presenterte han den nye web-baserte BTI-rettleiaren for presse og dei tre ordførarane onsdag.

Prosjektgruppa presenterte verktyet BTI. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord har teke i bruk samarbeidsmodellen Betre tverrfagleg Innsats (BTI) som metode og arbeidsverktøy i arbeidet for barn og unge som har det vanskeleg. BTI gir ein tydeleg struktur for korleis yta tidleg innsats og jobba heilskapleg dersom me kjenner ei eller anna form for uro for eit barn eller ein ungdom. BTI-modellen skal resultera i koordinerte og heilskaplege hjelpetiltak, gjennom ei tydeleg oppskrift for framdrift og samhandling mellom heimen, ulike tenester og faginstansar.

 

 

Korleis yta tidleg innsats

- Mange barn og unge i Noreg har noko dei strir med. Vanskane dei opplever varierer enormt i alvorsgrad, men med tidleg og god hjelp kan me hjelpa dei over kneika og hindra at dei veks seg inn i større vanskar, seier Birthe Blokhus. Ho er med i prosjektgruppa og Einingsleiar førebyggande tenester
i Stord kommune.


- For å gjera denne oppskrifta mest mogleg tilgjengeleg, informativ og brukarvenleg for alle potensielle brukarar av BTI, har Bømlo, Fitjar og Stord fått utvikla ein web-basert BTI-rettleiar. I denne rettleiaren er det  lagt vekt på kortfatta og lettfatteleg språk, enkel manøvrering og kort veg til nødvendige tilleggsverktøy. Målsettinga har også vore å gjera BTI-modellen transparent og open for alle, både tilsette, føresette, barn og ungdom og andre interesserte i dei tre kommunane. Zpirit reklamebyrå på Stord har vore samarbeidspartnar, og mange andre kommunar ynskjer no å sjå på modellen utvikla av sunnhordlandskommunane, opplyser Mone Nilsen, skule og barnehagefagleg rådgjevar i Fitjar kommune.

 

BTI-rettleiaren i Bømlo kommune

 

Eit kraftig løft

- Når me no tar i bruk den nye rettleiaren som ei funksjonell rettesnor i vårt praktiske arbeid med BTI, gir me innsatsen for barn og ungdom eit kraftig løft, seier dei tre BTI-koordinatorane.

 

Eit viktig poeng med det nye verktyet er å hjelpe foreldre til å auka sin kompetanse og få til betre samarbeidsrelasjonar mellom dei og dei kommunale tenestene. Sunnhordland Interkommunale barnevern (SIB) er og ein del av samarbeidet i BTI. Per dato er det 150 BTI-kommunar i landet. Stord kommune har vore pilotkommune sidan 2012 då BTI-modellen vart adoptert frå Danmark.

 

- Kommunane har ulik organisering og ulike rutinar. No får me alt på ein plass, noko som vil vere til stor hjelp i samhandlinga, påpeika kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund i Bømlo kommune. Han gav honnør til prosjektgruppa for arbeidet dei har lagt ned og det gode resultatet.

 

- Å skapa trygge og gode oppvekstvilkår for born og unge er blant vre viktigaste oppgåver, og med BTI-modellen har me eit godt verkty. Dette er eit godt døme på interkommunalt samarbeid og syner innovasjon, seier Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

 

- Her har me fått ei brukarvennleg nettside som skapar felles forståing og oppskrift for korleis me skal handtera slike saker, det er viktig, understreka ordførar Wenche Tislevoll i Fitjar. Eg likar særleg godt stafettloggen som gir saumlaus informasjon då denne føl bornet.

 

- Tverrfagleg tankegang er ikkje noko nytt i kommunane våre, men me har interne utfordringar likevel. I dag har tankegangen også endra seg til å vere meir retta mot førebygging. Traffikktryggleik er eit godt døme på dette og me synleghe resultat. Denne måten å jobba på har overføringsverdi i arbeidet med tidleginnsats blant born og unge, og målet er at færre skal ha hjelp av barnevernet. I dag er det også forventningar blant publikum at kommunane har slike hjelpemiddel, og då er det gledeleg at me leverer på det, meiner Bømlo-ordførar Odd Hovland.

Sist endra 01.03.2018 16:08
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering