Suksess for seinmidddag

Moster Servicesenter kjøken_SKS.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Teiglandshagen bufellesskap flytta i oktober i fjor servering av middag frå kl. 13.00 til kl. 15.30. Eit tiltak som har gitt god effekt hjå bebuarane utan ekstraarbeid for dei tilsette. I tillegg er det frigjort tid på føremiddagen til andre kjekke aktivitetar.

THBservering_SKS.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Bakgrunnen for endring av rutinane var at me ville finna ut om sein middag hadde noko å sei for personar med demenssjukdom. Kjøkkenpersonale på servicesenteret var positive og gjorde nokre endringar i sine rutinar. Frå 1. oktober 2016 starta me opp med middag kl 15.30 og me utsette kveldsmaten til kl. 19.30, seier avdelingssjukepleiar Hilde Hopsdal ved Teiglandshagen bufellesskap.

 

Hopsdal fortel at dei tidlegare hadde middag klokka 13 og kaffemat kl 15.30 i form av kaker, deretter kvelds kl. 19. Dei merka at det ofte var ein uro blant pasientane sein ettermiddag/kveld og at fleire pasienter fikk ekstra måltider på natt. Formiddagen var også litt kort og me hadde då lyst på meir tid til å finna på aktivitetar saman med pasientane utan å vere bundne opp av middag.

 

Stor suksess

Tiltaket vart evaluert av dei tilsette på avdelingsmøte i januar 2017. Dei tilsette opplever at pasientane er rolegare på ettermiddag, og dei tilsette seier det ikkje er mykje ekstraarbeid å servere middag på ettermiddag. Ein har fått betre tid på formiddag til å finna på aktivitetar saman med pasientane, lunsj er lettare å pakke med i ein ryggsekk eller ta pasientane med på cafe. Nattevakta serverer sjeldnare måltid på natt og fleire pasientar har betre nattesøvn.

 

- Ein stor suksess, og dei tilsette vedtok samrøystes å halda fram med tiltaket, seier Hopsdal
 

Sist endra 03.03.2017 15:15
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering