Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Symjehallen opnar måndag 15. juni

Bømlo symjehall opnar att for publikum måndag 15. juni.  Med gode smitteverntiltak og godt samarbeid mellom dei tilsette og dei besøkjande, vil risikoen bli redusert betydeleg. Velkomen til oss!

Mann stuper frå 3 meteren i Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Bade og symjeanlegg blei pålagt å stengja 12 mars 2020 som følgje av covid-19-forskrifta §14. Myndighetane har gitt klarsignal for re-opning 15.06 dersom smittespreiinga ikkje aukar. Det overordna målet ved gjenopning er å forhindra smittespreiing og uønska hendingar ved å iverksetja smitteverntiltak for besøkjande og tilsette, fortel leiar Elin Steinsbø i Bømlo symjehall.

 

Smitteverntiltak

No gler ho og dei andre badevertane seg til endeleg å ynskja symje- og badeglade tilbake i det flotte anlegget. Men det vil vere visse avgrensningar, mellom tal personar tillete samstundes og at hinderløypa ikkje vil bli teken i bruk. Elles vil gnerelle smittevernreglar om avstand og handvask vere obligatorisk.

 

- Me ber difor om forståing foor at det kan bli litt venting i periodar. Me gler oss til å sjå deg att, og med godt samarbeid og god kommunikasjon, har me stor tru på at re-opninga skal gå fint, seier ei optimistisk Steinsbø.

 

Her kan du lesa om reglane som gjeld (PDF, 396 kB)

 
Plakat om sommarbonus i symjehallen. - Klikk for stort bilete Plakat om opningstider symjehallen sommaren 2020. - Klikk for stort bilete Skilt om sikker symjing - hald avstand. - Klikk for stort bilete
Sist endra 11.06.2020 17:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 32 60
Mobil:
952 48 744
E-post:
Tittel:
leiar Bømlo symjehall
Bunnhjørne
 
Login for redigering