Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Takka av rådmannen

På vegne av kommunestyret i Bømlo takka og overrekte ordførar Sammy Olsen i dag ein flott blomebukett til avtroppande konstituert rådmann Aud Gunn Løklingholm.

Blomeoverrekking frå ordførar til rådmann. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Måndag 22. juni var det siste kommunestyremøtet Aud Gunn Løklingholm deltok i som konstituert rådmann. Ho har vore assisterande rådmann i Bømlo kommune sidan 2010. Frå 1. september er ho administrasjonssjef i Helse Fonna.

 

- Formidabel jobb

På tampen av kommunestyremøtet tok Venstre-representant Anne Beth Njærheim ordet for at kommunestyret kunne takka av Aud Gunn Løklingholm for innsatsen.

 

- Me skulle absolutt hatt ein blome her i kveld, og me vil takka deg for ein stor innsats. Konstituert rådmann tok over jobben på ståande fot då vår tidlegare rådmann Geir E. Aga brått gjekk bort. Ho har verkeleg stått på, jobba natt og dag, og hatt to jobbar. Me vil gje ho ei stor takk, sa Njærheim. dei vert også kollegaer då Njærheim også har fått ny toppjobb i Helse Fonna på stord sjukehus.

 

Ordføraren og resten av kommunestyret stilte seg bak og gav Løklingholm langvarig applaus - noko ein strengt tatt ikkje skal gjere i eit kommunestyremøte.

 

Me ynskjer Aud Gunn lukke til i ny jobb. 

 

Sjå også - Fekk toppjobb i Helse Fonna

Sist endra 23.06.2020 15:43
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering