Takka for koronainnsatsen

Ordførar Sammy Olsen og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter heldt fredag 22. april ei markering i kommunestyresalen der representantar for kommunalt tilsette, friviljuge lag og organisasjonar, andre samarbeidspartar og lokalt næringsliv fekk ei hjarteleg takk for ekstraordinær innsats etter to år med koronapandemi. Takken vart også retta til alle innbyggjarane i kommunen.

fok samla rundt hesteskobord - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter takka kommunalt tilsette, friviljuge lag og organisasjonar for ekstraordinær innsats under koronapandemien på ei samling i kommunestyresalen fredag. Simon Knutsson Sortland - Me ynskjer å markera starten på slutten av koronapandemien som har heldt oss i ein unntakstilstand i to år. De har ytt ein fantastisk innsats, og de må bringa takken ut til alle dei de representerar. Og de slepp å halda meteren når de forsyner dykk med litt lunsj frå Viergo, sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter innleiingsvis.

Han drog så linjene lokalt, nasjonalt og internasjonalt frå det innleiande sjokket i mars 2020, bearbeidinga gjennom to år, reorienteringa og korleis me tok kvardagen tilbake. Kommunedirektøren var innom den kaotiske oppstarten, all uvissa og stadig nye reglar og avgrensingar me måtte forhalda oss til. Frå alt det dei unge og eldre måtte forsake av sosiale aktivitetar til heimeskule og heimekontor. 

Mange fortener ros og takk

Han rosa tilpasningsevna, innovasjonslysten og pågangsmotet frå alle representert i salen. Ros og takk vart også gitt til alle dei andre som ikkje var representert i salen. Han nemnde alt frå den gode stemninga som rådde ved test- og vaksinasjonsprogrammet på gamle BUS til måten lokalt næringsliv og privatpersonar har stått saman med kommunen i denne kampen.

- Eg er kry over alle våre dyktige tilsette i kommunen og kor resultatorienterte de har vore. Tenestetilbodet har fungert bra under heile pandemien slik eg ser det, og etter dei tilbakemeldingane eg har fått. Det vil eg takka for, og takken må de bringa vidare ut til kollegane dykkar, sa ordførar Sammy Olsen.

Han rosa også kommunedirektøren som kom inn i jobben midt i krisa og for måten han leia arbeidet på. Saman med kommunedirektøren delte ordføraren ut ein blom til representantar frå dei ulike kommunale tenestene, Bømlo Røde kors, Bømlo frivilligsentral, Marine Profile, YSST og Bømlo-nytt. Dei tilsette ved koronasentralen fekk kvar sin blome.

Frykta heftig pandemi

- Eg hadde grunnlag for å vite at dette kunne bli heftig, og var litt redd i mars 2020, vedgjekk kommuneoverlege Kjersti Follesø. Ho rosa helsetenestene, men ikkje minst teknisk drift som heiv seg rundt og fiksa lokale etter lokale i den hektiske oppstarten fram til ein landa nede ved gamle BUS. Dei gjorde ein fantastisk innsats, slik alle på TISK og koronasentralen gjorde. Likeså Ysst som hjalp med testing på koronasentralen. Me fekk uvurderleg hjelp av Bømlo Røde kors og Bømlo frivilligsentral, takka Follesø.

- Eg vil særskilt nemne damene i nøkkelprosjektet vårt som sørga for at me fekk gitt ut viktig informasjon på mange ulike språk, understreka Ingebjørg Westre då ho takka for blomane på vegne av Bømlo frivilligsentral.

to menn ved podiet - Klikk for stort bileteOrdførar Sammy Olsen og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte om to år med koronapademi. Simon Knutsson Sortland    

Til toppen