Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Taksering nye skatteobjekt 2021

Kommunen vil i løpet av dei komande månadane desember-februar gjennomføra synfaring av alle nye skatteobjekt som er komne til i løpet av 2020. 

Monica Korsvik Sætre (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune gjennomførte allmenn taksering av alle eigedomar som er skattepliktige etter lov om eigedomsskatt i 2009.

 

- Me vil i løpet av  desember-februar gjennomføra synfaring av alle nye skatteobjekt som er komne til i løpet av 2020. Synfaringa er ei utvendig synfaring. Synfarar vil ta mål og bilde av bygningar på desse eigedomane, opplyser rådgjevar Monica Korsvik Sætre ved eigedomskattekontoret.

 

Bilda vil mellom anna vera grunnlag for sakkunnig nemnd si taksering av dei nye takstobjekta. Synfarar vil ha på seg jakke merka Bømlo kommune, Teknisk drift og ha med seg identifikasjonspapir under synfaringa, 

 
Skattelistene vil bli lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars 2021 etter medhald av §15 i eigedomsskattelova. Dette gjeld både dei nye takstobjekta og alle dei eigedomane som har blitt taksert tidlegare. Dette vil bli kunngjort på nytt ved utlegging av den samla skattelista.
 
Sist endra 20.11.2020 09:11
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 64
E-post:
Tittel:
rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering