Tar pulsen på Bømlo kommune

- Det er viktig for oss å bli kjent med dei og det kommunen har ansvar for, og lære kva næringslivet vårt driv med og kva utfordringar dei ser framover, seier ordførar Morten Helland (KrF) .

to menn og ei kvinne på bedriftspersentasjon rundt bord - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø vert orientert om bløggbåtselskapet Napier AS av adm. dir Kjetil Tufteland (t.v). Simon Knutsson Sortland

Saman med varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H) har ordføraren no i januar starta sine rundar for å bli betre kjend med dei kommunale verksemdene og vårt lokale næringsliv. Første runde var fredag 12. januar med bedriftsbesøk hos Amundsen Diving, Eidesvik-konsernet og Napier. Gilje og Våge skule var dei to første kommunale verksemdene som fekk vitjing av ordførarduoen vår.

- Bømlo har eit variert og sterkt næringsliv. I dag var eg og varaordførar Ragnfrid Sønstabø på besøk hos Amundsen Diving A/S og Amundsen Kabel, Eidesvik-konsernet og Napier AS.  Inspirerande med bedrifter med så klart samfunnsfokus. Hos alle var utvikling av lokalsamfunn (og Tilflyttarstrategi!) heilt naturleg del av det dei ville formidle. Takk for gode møter!, posta Helland på si Facebookside.

- Viktig å bli sett

- For oss er det viktig å bli kjend med det arbeidet kommunen har ansvar for. Det er mange som kvar dag gjer ein stor innsats på ulike måtar for innbyggjarane i Bømlo. Det er kjekt å møta dei og få høyra deira historiar og kva utfordringar dei står i, seier ordføraren.

Hans inntrykk etter fleire bedriftsbesøk er at næringslivet synes det er utruleg kjekt å bli sett og høyrt. Sjølv lærer dei kva dei ulike bedriftene jobbar med, og kva verdi det har for dei som driv verksemdene og dei som jobbar der. I koalisjonen sin samarbeidsplattform er næringslivet eit satsingsområde, difor er det viktig for ordførarduoen å bli godt kjend med dei og kva utfordringar næringslivet vårt står overfor.

- Dette er berre byrjinga, og me ser fram til mange bedriftsbesøk og til dei kommunale einingane. Eg oppmodar bedriftene og verksemdene om ikkje å vere redde for å ta kontakt med oss, avrundar ordførar Morten Helland.

Til toppen