Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Testing av hepatitt C

Bømlo kommune tilbyr testing til alle som kan ha blitt utsett for smitte av hepatitt C, ein virussjukdom som kan skade levera. Dette blir gjort med ein blodprøve.  

Illustrasjonsbilete av prøvetaking legesenter. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Ikkje alle veit at dei er smitta fordi det kan gå mange år før ein utviklar symptom. Det er ikkje vaksine mot hepatitt C, men dei siste åra har det komme ny og betre behandling som gjer at dei aller fleste som er smitta av sjukdommen blir friske. Norske helsemynde har difor sett i verk ein kampanje for å oppdage og gi tilbod om behandling til dei som kan vere smitta av hepatitt C i befolkninga, opplyser kommuneoverlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Kven er i faresona?

Viruset som gir hepatitt C blir overført ved blodsmitte. Vanlegaste smitteveg er via ureine sprøyter, men det kan òg smitte på andre måtar der det er kontakt med blod. Det kan vere ved piercing eller tatovering under dårlege hygieniske tilhøve, deling av barbersaker eller tannbørstar med ein smitta, tannbehandling med dårleg hygiene, eller seksuell kontakt dersom det er sår eller rifter i slimhinner. Det smitter ikkje ved kyss, deling av bestikk eller vanleg sosial omgang. 
 
- Ikkje alle blir sjuke etter å ha blitt smitta. Nokre kvitter seg med viruset etter ei stund, men mellom 50 og 80 prosent vil få ein langvarig infeksjon, kronisk hepatitt C. På sikt kan det skade levera, gi arr-danning og i nokre tilfelle føre til leversvikt eller leverkreft. Det er difor viktig at alle som kan ha blitt utsett for smitte får tilbod om å teste seg for hepatitt C, understrekar Follesø.
 

Kven bør testa seg?

Følgjande grupper blir tilrådd å teste seg:
Personar som nokon gong har injisert stoff med sprøyte (høgrisiko)
Personar som har motteke blodoverføring/andre blodprodukt før 1992 i Vest-Europa (inkludert Norge), Nord-Amerika, Japan, New Zealand og Australia, eller uansett tidspunkt i andre land. 
Innvandrarar frå land med høg førekomst (Egypt, Pakistan og deler av Sentral- og Vest-Afrika, Aust-Europa og tidlegare Sovjetunionen)
Personar som kan ha blitt behandla med ureine sprøyter eller ureine kirurgiske instrument (særleg i utlandet), eller ved stikkskade i helsetenesta.
Personar som har vore utsett for sprøytestikk ved uhell.
Menn som har sex med menn.
Personar som tidlegare har vore i fengsel.
Personar under rusbehandling, inkludert legemiddelassistert rehabilitering.
Ved høg verdi av ein blodprøve (ALAT) over tid.
 

Gratis undersøking og behandling

Undersøking og behandling for hepatitt C er gratis dersom du har vore utsett for risiko for smitte. Alle fastlegekontor kan undersøke på hepatitt C. Du bør informere om kvifor du ønskjer test, men du må ikkje. Ettersom hepatitt B-viruset og HIV-viruset har den same smittemåten, kan du be om å få sjekka desse samtidig. 
 
- Dersom du kjenner nokon som har hepatitt C eller kan vere i risiko, bør du informere dei om mogleik for testing og behandling. Om prøven viser at du har vore utsett for smitte med hepatitt C, vil du få oppfølging og vurdering av om du treng behandling. Tidlegare gjennomgått hepatitt C gir ikkje vern mot ny smitte, seier kommuneoverlege Follesø.
 
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 09.09.2020
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering