Tilbyr no pneumokokkvaksine

Vaksinering (Ilustrasjonsfoto) - Klikk for stort bilete

Bremnes helsestasjon opplyser art dei igjen kan utføra pneumokokkvaksine (lungebetennelse) etter stoppen som vart innført tidlegare i vinter grunna manglande tilgang på vaksiner.

Etterspørselen etter pneumokokkvaksine (lungebetennelse) har denne våren vært langt større enn forventa. Tilgjengelige doser har derfor vært prioritert personar med medisinske tilstandar som gir spesielt høg risiko for invasiv pneumokokksjukdom. Forsyningssituasjonen er no betre, og utleveringsrestriksjonar for Pneumovax er oppheva.

 

- Dei som tok kontakt med helsestasjonen tidlegare i vinter/vår og fikk beskjed om at ein ikkje var i prioritert gruppe er velkomne til å ta kontakt for time. Folkehelseinstituttet opprettheld dei generelle tilrådingane om målgrupper for vaksinasjon, som omfattar eldre (65+) og personar med immunsvikt og visse kroniske sjukdommar. Pneumokokkvaksine vil og vera tilgjengelig saman med influensavaksinering til hausten, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr. 

 
Kontakt:
Bremnes helsestasjon - 53 42 33 37 v/ leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr
 
Sist endra 25.05.2020 13:20
Fant du det du leitte etter?