Tildelte koronamidlar

Hovudutval for næring, innovasjon, idrett og kultur vedtok tysdag samrøystes innstillinga om å fordele 753.000 kroner på alle dei 15 søkjarane i runde tre av kompensasjonsrunden for koronamidlar. Utvalet gjorde også innstilling til kommunestyret om organiseringa av eit kommunalt næringsfond.

Innstillinga frå Atheno As som har vurdert søknadane om koronamidlar og tilrådd kompensasjonssummen meinte Hovudutval for næring, innovasjon, idrett og kultur (NIIK) var grundig og god. Dei vedtok innstillinga samrøystes utan endringar.

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder nr. 3, fordeling av Bømlo kommune si løyving etter innstilling frå Atheno

Koronatildeling 3. runde
Firma Kroner
Bømlo Hotell 80.000
Langevåg barnehage 20.000
Sindre Larsen Gårdsdrift / Gullvegen 60.000
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS 50.000
Gamleposten 5444 DA 60.000
Rysjedals serviceutleige AS 30.000
Matben AS 60.000
Sporty Bømlo 40.000
Fjordtun AS 60.000
Langevåg Bygdatun AS 60.000
Kafe`dn i By`dn AS 60.000
Bømlo Hundepensjonat 40.000
Sibek Invest AS 60.000
E. Johnsen & Sønner AS 50.000
Norsk Veteranmotor AS 23.000

Kommunalt næringsfond

Bømlo Næringsråd ved dagleg leiar Nina Ingvaldsen og styreleiar Simon Nesse Økland presenterte seg for utvalet og fortalde om sitt arbeid og kva prosjekt dei jobbar med. Utvalet handsama deretter retningslinjer og organiseringa av eit kommunalt næringsfond. 

Sjå saksutgreiing og møteprotokoll

Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Til toppen