Tilkallingsvikarar badevertar i Bømlo symjehall

Med ferdigstilling av Bømlo symjehall har kommunen fått eit flott og tidsriktig symjeanlegg. Me søkjer no etter badevertar som kan vera tilkallingsvikarar kveld og helg. 

Stupetårn 5 og 3 meter i Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Då symjehallen og drift av den er ny, er det noko usikkert kor mange badevertar og vikarar det er behov for. Me vil likevel ha behov for ein «vikarpool» med badevertar som har godkjent opplæring for å til ein kvar tid kunne dekke behovet i symjehallen si opningstid.

 

Me kan tilby:

• Sunnhordlands mest moderne symjeanlegg
• Lønn etter tariff

 

Me søkjer etter personar med:

• Gode kommunikasjonseigenskapar og som er serviceinnstilt
• God fysisk form
• Gode norskkunnskapar og representativ framferd
• Plettfri vandel, politiattest må framleggjast
• Personlege eigenskapar blir vektlagt

 

Generelt

• Søkjar må vera fylt 18 år.
• Livredningsprøve/kurs (symjing/dykking/hjarte-lunge-redning) må gjennomførast. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til påtroppande leiar for Bømlo symjehall, Elin Steinsbø - 952 48 744.

 

Søk elektronisk her innan 1. september 2018

 

Sist endra 20.07.2018 10:17
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
952 48 744
Mobil:
952 48 744
Tittel:
leiar Bømlo symjehall
Bunnhjørne
 
Login for redigering