Tilsyn i solarieverksemder

- Bømlo kommune vil ta del i tilsynskampanjen som Statens strålevern i haust sett i verk for å sikre at dei som driv med solarieverksemd følgjer lovkrava. Denne nasjonale tilsynskampanjen er for å verne mot skadeleg stråling og førebyggje ei kreftform som tek livet av unge menneske, opplyser kommunelege Kjersti Follesø.

Solarium -.jpg (ill.foto. Statens strålevern) - Klikk for stort bilete

Bruk av solarium gir for mange ei kjensle av velvære, og ei brunfarge dei kanskje ikkje fekk gjennom ein regnfull sommar. Diverre gir UV-stråling, både frå sola og frå solarium, ei klar risiko for utvikling av hudkreft. Korleis UV-stråling verker på huda er avhengig av kva type hud du har. Har du lys hud, er du mindre beskytta mot skader. Brunfargen er huda sin måte å verne seg mot skadeleg stråling på.

 

Hudkreft heng klart saman med stråling, og ein reknar at over 90% av hudkreft-tilfella i landet har samanheng med UV-stråling frå sola eller frå solarium. Den farlegaste typen er føflekk-kreft (malignt melanom). Det er ei av dei kreftformane som har auka raskast i landet, og er den nest hyppigaste forma for kreft hos dei mellom 25 og 50 år. Jo tidlegare ein blir utsett for UV-stråling utan beskyttande solkrem, og jo meir ein solar seg, dess større er risikoen.

 

18-års aldersgrense
I Norge er det difor 18-års grense for å nytte solarium. Statens strålevern er ansvarleg mynde for solarium i Norge. Alle solarium til kosmetisk bruk skal vere av godkjent type, og skal vere registrert hos Statens strålevern. Det er meldeplikt både for sal, utleige og bruk av solarium. Frå 01.01.2017 er det også krav om system som sikrar at kundane har motteke naudsynt informasjon, og at personar under 18 år ikkje får tilgang til solarium.

 

Krev kunnskapsprøve
Ansvarlege for solarium og personar med kundekontakt skal ha bestått ei kunnskapsprøve frå Statens strålevern. På nettsidene til Statens strålevern ligg det informasjon om gjeldande regelverk og ein vegleiar til solstudio-eigarar og dei som tilbyr soling i solarium, revidert september 2017. 

Sist endra 12.09.2017 11:02
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
 
Login for redigering