Tinging av borgarleg vigsel

Gifteringar - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har tilbod om vigsel til eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg og som fyller vilkåra for å gifta seg her, på vyrkedagar mellom kl 08.00 og 15.00. Kommunestyresalen skal nyttast som vigslingslokale.

I slutten av juni 2017 endra Stortinget ekteskapslova, og vigselsmynde vart overført frå domstolane til kommunen. Lovendringa betyr at vigselsmynde vert overført til ordførarar, varaordførarar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir mynde. Endringa trådte i kraft 1.1.2018.


Ordførar og varaordførar har vigselmynde i kraft av lov. I tillegg delegerer kommunestyret mynde til å vera vigslar til rådmann Geir E. Aga og organisasjonssjef/assisterande rådmann Aud Gunn Løklingholm.

 

Kommunen kjøper inn naudsynt utstyr og dekorasjonar til bruk ved kommunale vigsler.

 

Ordføraren føretar borgarleg vigsel i Bømlo kommune. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Rettleiing:

Føre de kan gifte dykk må skatteetaten/folkeregisteret sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sende inn ein del papir. Behandlingstida hos skatteetaten er to til tre veker så ver ute i god tid føre vigseldagen.

 

Skjema de må sende inn er:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om namn dersom du skal byte namn


Her finn du alle Skatteetaten sine skjema

 

Skatteetaten skriv ut ein prøvingsattest som viser at de fyller vilkåra for å inngå ekteskap. Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med kommunen og tinga dato for vigsel. De må ha med gyldig legitimasjon. De må ha med to vitne under vigslinga, jfr. ekteskapslova §11 andre ledd. Vitna er som oftast forlovarane men kan også vera to andre myndige personar.

 

I sjølve seremonien nyttar ein det borgarlege vigslingsformularet som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan tilpassast med til dømes dikt og musikk utover dette. Merk at det et opp til kommunen å vurdere kva som er tillate av ekstra innhald.

 

Kommunen sender vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigsel. Samstundes får de ein kopi som fungerer som midlertidig vigselattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.
 

Underskriving av vigselsdokumenta er ein del av seremonien. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Tinging av borgarleg vigsel
 

For tinging av borgarleg vigsel i Bømlo kommune kontaktar du Kundetorget - 53 42 30 14 eller på e-post: postmottak@bomlo.kommune.no 

 

Skjema for tinging av borgarleg vigsel i Bømlo kommune


 

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fikk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

 

Her finn du mykje god informasjon om borgarleg vigsel

Sist endra 29.01.2018 22:02
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 14
Tittel:
kundevert
Bunnhjørne
 
Login for redigering