Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Totalforbod mot open eld

Moster april 03-3 10cm - Klikk for stort bilete

- All bruk av open eld, eingangsgriller og fastmonterte griller er no forbode og inntil vidare. Det er lov å grilla på eigen eigedom, men vanlege aktsemdsreglar gjeld, understrekar brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.

Langvarig tørt vêr og vind har auka skogbrannfaren monaleg og er årsaka til innføringa av totalforbodet. Det er tillete med pistolskyting på godkjende banar, men det skal synast særleg aktsemd så lenge totalforbodet mot open eld gjeld. 

 

Informasjon om skogbrannfare og bålforbod (PDF, 71 kB)

Sist endra 04.07.2018 08:27
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
Tittel:
brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering