Treff for 75-åringar

Bømlo kommune starta i 2018 med å invitere til eit treff for 75-åringar i ulike lokalsentre i kommunen med god respons. Dei som fyller 75 år i 2019 har no sjansen til å få med seg tilsvarande treff. 

Faksimile av Bømlo-nytt september 2018. - Klikk for stort bilete

- Det blei ei særs positiv oppleving for oss i kommunen, og det var berre gode tilbakemeldingar frå dei som møtte. Einaste «negative» tilbakemeldinga var at dei frammøtte meinte at fleire burde ha nytta høve til å kome, fortel kommuneoverlege Kjersti Follesø. 
 
 

Gode tips

Fleire fagfolk frå kommunen tek del på desse treffa. Det blir mellom anna tips om korleis ein kan halde seg frisk og aktiv, kva er ein brann-trygg heim, og informasjon om kommunale og frivillige tilbod. Kommunen byr på lett servering, og det skal vere tid nok til ein god prat.
 
 
- Me vil gjerne høyre kva folk meiner er viktig for ein god alderdom på Bømlo, oppmodar Follesø.
 
 

Personleg invitasjon

Dei som er fødd i 1944 vil få ein personleg invitasjon i posten, og kan gjerne ta med seg ein person om dei ønskjer. Påmelding er ikkje naudsynt.
 
På desse datoane er det samlingar:
  • Bremnes - 6. mars 
  • Moster - 26. mars
  • Rubbestadneset 27. mars
  • Finnås og sørover på Langevåg 3. april
 
- Me vonar mange vil nytte høve til å møte opp, inviterer kommuneoverlegen. 
Sist endra 22.02.2019 14:54
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
 
Login for redigering