Tryggar trafikken i Bekk og Høvringevikjo

Busskur ved Høvringevikjo. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har nyleg ferdigstilt to trafikksikringsprosjekt med nytt fortau i Bekk i Svortland sentrum og ei busslomme i Høvringevikjo. 

Mann i fotgjengarfelt i Bekk. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

I Svortland sentrum har brekka frå rundkøyringa ved Rema 1000 og ned mot Bekk fått nytt fortau, ny drenering, nye gatelys og ny fotgjengarovergang. Stord Anlegg var entreprenør og prosjektet kosta 1,9 millionar kroner. Bømlo kommune er byggherre på vegne av Statens Vegvesen. Fortau i Bekk stod som nr. 3 i Trafikksikringsplanen (TS-planen) og var ferdigstilt 21. desember 2018.


- Prosjektet gjekk fint og og vart ferdigstilt etter planen før året var omme, opplyser prosjektleiar John Nordseth Nesse i Bømlo kommune. Han legg til at dei har måtta teke særlege omsyn til den svarteliste plantearten Legepestrot som er å finna i dette området. I samråd med Fylkesmannen har jord frå denne staden blitt sendt til miljøstasjonen på Fitjar for destruering.

 

Ny busslomme

Opparbeiding av busslomme ved vegkryss i Høvringevikjo vart utført av entreprenør Landmark Maskin AS til ein kostnad av vel 380.000 kroner. Stod som nr. 22 på strakstiltak i TS-planen og var ferdigstilt som planlagt før jul i fjor. Prosjektleiar har vore Stein Erik Lyslo.

Sist endra 09.01.2019 15:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 64
Mobil:
995 41 525
Tittel:
prosjektsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering