Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Tryggleiksalarmar i drift att

Feilen med tryggleiksalarmar som vart meldt i fem-tida i ettermiddag er no løyst. Det melder dagleg leir Arvid Bakken i Doro Care AS. Alarmar som ikkje vart svara på medan telenettet var nede vert no fulgt opp. Bømlo heimetenester er også informert om at feilen er retta opp.
 

                                  

Tryggleiksalarm på vrista. (Dorocare) - Klikk for stort bilete

Grunnen til at alarmar ikkje har komen inn skuldast feil i Telia sitt mobil/bedriftsnett. I tillegg til dette har det oppstått følgefeil i samband med feilretting. Dette medførte at tryggleiksalarmar framleis ikkje kom inn til Doro Care AS då den initiale feilen var retta cirka kl. 1830

 

Alle brukarar i Bømlo kommune som har tryggleiksalarm var tidlegare i kveld utan alarm. Bømlo kommune vart gjort merksam på problema litt før kl. 17.00.

 

Problem med mobilnett og bedriftsnett frå Telia/Phonero påverkar DoroCare AS sin alarmsentral som er knytta til Bømlo kommune sine tryggleiksalarmar. Når nettet er nede klarar ikkje alarmsentralen å motta eller sende varsel ut/inn. 

Sist endra 26.05.2020 21:20
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 65
E-post:
Tittel:
Personvernombod/Systemkoordinator/Rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering