Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Tryggleiksalarmar og røykvarslarar knytt til mobilnettet

Tryggleiksalarm på vrista. (Dorocare) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har i 2018 skifta alle tryggleiksalarmar, slik at dei går no kun på mobilnett. Kommune har også innført ei ordning som inneber at alle som får vedtak på tryggleiksalarm, også får røykvarslar knytt til alarmsentral. 

Tryggleiksalarm frå Dorocare. (Dorocare) - Klikk for stort bilete

- Telenor ringer i desse tider rundt til sine kundar i Norge som fortsatt er knytt til dei gamle telefonlinjene (koparlinjene) som skal fasast ut. Telenor informerer om at dei må kjøpe seg abonnement på telefon, samt Sim-kort til alarmar. Denne informasjonen gjer at Bømlo kommune har fått fleire førespurnadar og spørsmål rundt dette med tryggleiksalarmar, fortel rådgjevar Christine Mæland.

 

Kun mobilnett

Mæland understrekar at Bømlo kommune i 2018 skifta ut alle tryggleiksalarmar, slik at dei går no kun på mobilnett. Tryggleiksalarmen er montert med Sim-kort som leverandør styrer og som er inkludert i prisen for tryggleiksalarm. Ein er difor ikkje avhengig av dei telefonlinjene som no vert fasa ut. 

 
- Desse tryggleiksalarmane er kobla til straum, men har også ei batterilevetid på ca. 3-5 dagar. Me ønskjer likevel å tilrå at heimebuande har ein tilgjengeleg telefon, anten mobil eller fasttelefon (sim-kort, eller abonnement). Ein vel då sjølv kva leverandør ein vil nytte til dette, seier Mæland.
 
Bømlo kommune har no innført ei ordning, som inneber at alle som får vedtak på tryggleiksalarm, også får røykvarslar knytt til alarmsentral. Røykvarslaren har sim-kort installert, og sender varsel via tryggleiksalarmen og inn til alarmsentralen. Røykvarslaren sender og beskjed til alarmsentralen dersom det er lite batteri, og vår serviceperson kjem å skifter batteri. Batteri er inkludert i prisen. 
 
Dersom det blir røykutvikling i heimen, vil alarmsentralen, som er døgnbemanna, kontakte Bømlo brann og redning og dei rykkjer ut. Me opplever allereie at dette er eit godt førebyggjande tiltak, fortel Mæland. 
Sist endra 20.12.2019 12:38
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 65
E-post:
Tittel:
Personvernombod/Systemkoordinator/Rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering