Turlagsformannen fekk Eldsjelprisen

Nils Magne Helle er tildelt Bømlo kommune sin Eldsjelpris 2021.  Han har vore styreformann og ein sentral person i Bømlo Turlag sidan oppstarten i 2011.

I Hovudutval for næring, innovasjon, idrett og kultur sitt møte den 16.11.2021 blei eldsjelprisen tildelt Nils Magne Helle.

Mr. Dugnad

Gjennom sitt mangeårige engasjement har Helle vore primus motor for ulike prosjekt både i turlaget sin eigen regi, men og i samarbeid med andre lag og organisasjonar i heile kommunen. Gapahaukar fleire stader i Bømlo, skilting og oppgradering av turstiar, tilsyn med dagsturhytta, kysthytteprosjektet, sherpatrapper til Siggjo o.l. er berre nokre av dei prosjekta turlaget driv.

Turlaget inviterer til ulike turar gjennom sesongen, både lokale turar, lengre dagsturar/fjellturar eller overnattingsturar. Gjennom turgrupper som Friluftsliv for alle, Barnas Turlag, Friskusgruppa osb, stimulerer Helle og turlaget til eit aktivt, sikkert og miljøvennleg friluftsliv for alle. Dette gjer mange gode opplevingar ute i naturen og er bra for folkehelsa. Nils Magne har i tillegg til å vera styreformann, vore primus motor for mykje av aktiviteten i laget.

Eldsjelprisen blir delt ut på nyttårskonserten til Bømlo janitsjar.

Bømlo kommune gratulerer NIls Magne Helle med velfortent pris!

Lær meir om Bømlo Turlag

Til toppen